ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Oppdatering 2008

Oppdatering andre år:
2005  
2006   2007   2008  2009  
2010   2011   2012   2013   2014   2015   2016   2017   2018   2019
 
2021   2022   2023   2024



19.12.2008
Takk for eit aktivt kulturår 2008 frå Ullanett. I den mørke årstida minnest vi ein flott sommar med mange fine dagar på Ulla. Ei spesiell oppleving med maksver på Ullafesten. Betre kan ein ikkje ha det. Takk til alle som hjelper meg med bidrag til slekts- og kulturhistoria og takk til alle som viser interesse ved å diskutere eller høyre på. Vi ser fram til neste Ullafest. Tema blir stoff om Ullahammaren.
På startsida finn du no to julesongar ved Lene Beate Rønning, Bendik Ulla og Simen Ulla.
Så vil eg ønskje alle ei god jul og eit godt nyttår.

1.12.2008

Nytt månadens foto er kveldsstemning ved Ullasund bru.
Sjå meir stoff om UL Samhald.
Og så: Ein unik fotoserie frå småbåthamna på Austnes og torskefiske i Longvafjorden i 1976. Lenke.
Ny prolog frå Johan Bernt Ulla: Prolog på julefesten på Ulla i 1943. Lenke.

1.11.2008

Månadens foto er Ulla Skulehus..
Nytt dikt av Johan Bernt Ulla: Til Havet. Lenke eller katalogen Presentasjon. Dette diktet høver godt no
når hauststormane er over oss.
Så kan du lese mykje nytt om ungdomslaget på Ulla, UL "Sambandet". Lenke eller Kulturliv, UL Sambandet.
Merk: Eg har meir stoff om ungdomslaget som eg vil leggje ut framover. Så følg med!

1.10.2008
Månadens foto av Peder Ulla i det han passerer Klivet på tur i Lia sommaren 2003.
Nytt dikt av Johan Bernt Ulla: Velkomstsong - Julefest på Ulla i 1943. Lenke
Så kan du sjå fotografi av Storebuda og lese om Storebuda si rolle i kulturlivet på 1900-talet. Sjå Kulturliv - Storebuda eller Lenke.

1.9.2008
Månadens foto er lagbilde av Haramsøy IL sitt fotballag frå 1967.
Ny forteljing av Karl P. Ulla om hans opplevingar frå andre verdskrig. Les og tenk etter...  Lenke
Vidare kan du lese om speiderjentene under Kulturliv.

1.8.2008
Nytt månadens foto med solnedgang på Ulla-festen 26. juli 2008.
Elles masse bilde frå Ulla-festen. Sjå fotoalbum eller denne lenka.

1.7.2008
Månadens foto er eit flott bilde av Helene Tomren og Signe Tomren frå 1955.
Sjå nytt fotball-lagbilde frå 1979 under fotoalbum. Takk for bidrag frå Øyvind Verpeide. Eg tek gjerne imot fleire...
Nytt dikt av Johan Bernt Ulla: Store, kalde havet. Lenke
Oppdatering av kulturliv, på fjellet. Lenke
Så er det 3 år sidan eg starta med Ullanett. No er det om lag 1860 objekt  inne på heimesida. Storparten av dei er fotografi. For eitt år sidan var det 1300.
Ullafesten nærmar seg. Årets kulturinnslag er Ulla-gardane.

1.6.2008
Månadens foto er eit naturbilete frå Råvika i mai 2008.
Så har eg oppdatert Kulturliv,  På Haugen. Den viktige samlingsplassen for store og små på Ullahammaren i gamle dagar. Sjå lenke.
Så kan du sjå og høyre videoinnspeling frå konserten til Bendik Ulla: Bedrøvet fugl, dikt av Andre Bjerke, musikk ved Bendik.  Sjå fotoalbum eller denne lenka.
Nytt dikt av Johan Bernt Ulla: Øydemark. Sjå lenke.
Ny forteljing om Stry-saka. Lenke.

1.5.2008
Månadens foto er frå Ullahammaren i slutten av 1960-åra.
Vidare ny forteljing: Om Håvik-tretta. Det var krangelen mellom Haram og Ulla om eigedomstilhøva i Håvika i 1770-åra. Lenke.
Så har eg gjort ferdig innhaldet om fotballaget på Ulla. Sjå under: Kulturliv, Fotball, eller denne lenka.
Sjå også nytt fotoalbum: Fotball lagbilde frå Haramsøy 1939-1978. Lenke.  Etterlysning: Er det nokon som kan hjelpe meg med fleire lagbilde frå tida 1967-1980?  Ta kontakt.
Til slutt: Ny prolog frå 17. mai 1945 v/Johan Bernt Ulla. Lenke.

1.4.2008
Månadens foto for april er av Ulla Havsportsenter 2007.  Du kan også sjå tidlegare månadens foto i arkivet under fotoalbum.
Så har eg ei ny forteljing om ein dramatisk fotballkamp på Ulla i 1941. Historia er henta frå UL Samhald sitt blad "Mjølner" frå 1941. Sjå også foto frå skuletur til Giske og Valderøy om lag 1932, lenke
Vidare ny prolog frå Johan Bernt Ulla om Haramsøy Bondekvinnelag i 1957, lenke.

1.3.2008
Månadens foto for mars er Ullahammaren sett frå sør-aust om lag i 1907.  Nytt elles er ei forteljing om den kjende losen Kristian Jubsen Ullahammer. Sjå startsida under lenka forteljingar.  Så kan eg presentere ein unik fotoserie om slåttonna midt på 1970-talet. Den er frå Arne-garden på Haram. Aller helst skulle eg sjølvsagt hatt ein slik fotoserie frå Ulla, men det har eg ikkje. Arne-garden var no spesiell på sin måte og får stå som vitne om ei tid som er forbi både når det gjeld gardsbruk og livsstil elles. Sjå under fotoalbum.
Så til slutt har eg lagt inn ein fotoserie frå Haramsøy Skulemuseum.  Sjå under Ulla skule, skulehistorie, Haramsøy Skulemuseum. Eller direkte denne lenka.

1.2.2008
Nytt månadens foto av Sjur-Johan. Så har eg lagt inn ei ny lenke på startsida, nede til venstre: Tidslinje. Her har eg plassert ei rekkje viktige hendingar på Ulla gjennom tidene, frå bygging av Ulla-nausta i 1650 og fram til våre dagar. Kvar enkelt hending blir forklart i eiga lenke.

1.1.2008
Godt nytt år frå Ullanett.  Sjå nytt månadens foto frå Ullahammaren i 1910.
Så har eg lagt ut to nye forteljingar: Kristenliv i gamle dager v/Sevrin G.Ulla og Barndomsminne frå Ulla v/Karl P. Ulla.
Og - endeleg kan du lese historia om Ullahammer fyr og fyrvaktar Løeg som budde der til 1915. Ein del fotografi.


Gå til toppen