ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt



 









Ungdomslaget "Sambandet"


OPPHAVET
(sitat frå møteboka)

    Aar 1901 - 27de januar samlast Ullaungdomarne paa skulehuset for aa samtala um skipingi av eit ungdomslag for krinsen. Etter litt samroda um dette vart dei samde um aa velja ei nemd, som skulde arbeida ut loger for laget. Valgt vart:

    1. Johan A. Ulla.  2. Sevrin Ullahammer.  3. O. Hovset.   4. Petrine Ullahammer.  5. Johanne Remmen.

    1901 - 30 - 1 hadde lognemdi møte paa skulehuset til dryfting av logspursmaalet. Forslag til loger vart forma soleis:

§ 1. Laget hev til fyremaal aa fremja eit godt og edelt ungdomsliv, samt kveikje hugen til norskt maal, bokheim og kunst.

§ 2. Dette tenkjes gjort ved fyredrag, upplesnad, song, spel, samtalar, spursmaalskasse og leik.

§ 3. Kvart medlem pligtar gjera sitt til at laget kan trivast og møte verta hyggjelege og fruktberande.

§ 4. Aarspengar kr 0,50.

§ 5. Laget skal hava eit styre paa 6 medlemar, som kvart halvaar seg imillom vel formann, varaformann og kasserar. Likeeins gjeng for kvart halvaar 3 av styret ud fyrste gongen ved "lodtrækning" sidan etter tur og 3 veljast i staden.

§ 6. Det kan ikkje gjerast noko brigde i logerne for laget utan at 2/3 av medlemerne gjeng med. Forslag til umvølingi maa vera framsett paa møtet fyreaat. og skal fyrst dryftast av styret som hev og legge fram forslag paa møtet anaar saken skal avgjerast.

§ 7. Gjer nokon brot mot lagets loger vert han (ho) utstøyt av laget.

Møte i laget til ny dryfting av desse loger skal haldast 3de februar.
O. Hovset.  Sevrin Ullahammer.  Petrine Ullahammer.

    1901 - 3 - 2  heltest møte paa skulehuset. Lognemdi sitt forslag til loger vart vedteket. Etter Trine Ullahammer sitt forslag, som gjekk igjenom skal laget heite "Sambandet". O. Hovet fyreslog at lagets handskrivne blad skulde kallast "Mjølner" og ved avrøystingi vart det so.  Til styremedlemer vart valgt:


DET  FØRSTE  STYRET  I  U.L. SAMBANDET



Ole Hovset - formann
Sevrin K. Ullahammer - varaformann




Hanna K. Ulla - kasserar
Lina P. Ulla - styremedlem




Elias M. Ulla - styremedlem
Trine K. Ullahammer - styremedlem

Varamenn: Marie S. Ulla, Hans P. Ulla, Johan A. Ulla, Johanne Remmen, Olufine Brunvold, Marie J. Ulla.


DET  FØRSTE  STYREMØTET  I  U.L. SAMBANDET



7de februar 1901  -  faksimile

Her har eg planar om å leggje inn kopi av møteboka for UL Samhald frå 1901 til 1935 som er siste referatet eg har.
Eg manglar møtereferat frå perioden 1935 til 1949 då det vart slutt på aktiviteten i ungdomslaget. Sjå lenke.

   
"MJØLNER"



Dei første handskrivne blada av "Mjølner"

Her har eg planar om å leggje inn kopi av "Mjølner". Lenke.


JULEFESTAR

    På Ulla var det lange tradisjonar med julefest på skulehuset. Ungdomslaget var aktivt på denne måten gjennom fleire 10-år. Generasjonar avløyste kvarandre, og nye talent og deltakarar tok over når dei gamle gav seg. Ole Ullahamar var med i ungdomslaget frå konfirmasjonsalderen. Han hugsa godt den første julefesten han var med på der dei framførte spelstykkje, eller sketsj som det vart kalla seinare. Dei fleste ungdommane kom med i ungdomslaget så snart dei vart konfirmerte. Han var med på det første skodespelet som var vist fram på Ulla Skulehus. Det var i 1920. Det var 5-6 personar som var med på skodespelet. Det var i tillegg til Ole: Olaus P. Ulla, Julius Tomren, Lilly Langseth (søster til Elida Ulla), Karen Gjerde (tenestetaus) og Borghild Ulla (Tomren).






Ole
Olaus
Julius
Lilly
Borghild

    Ole hugsa ikkje kva spelstykkjet heitte eller kva det handla om, men skodespelarane var både utmåla og utkledde etter alle kunstens reglar. Og publikum skratta og lo, og om det var til innhaldet i stykkjet eller av skodespelarane, det er ikkje godt å seie. Det var mykje arbeid med julefestane på Ulla. Gutane gjekk ned til nausta og henta 90-liters fiskekasser, 8 stykkje i talet, og spikra dei saman til scene. Så henta dei flakar frå loftet på skulehuset som dei la oppå fiskekassene. Dette var flakar, eller luker, som dei brukte å setje framfor vindauga på skulehuset når det var styggever. Dette danna scenegolvet som var plassert i kråa attmed kammerset. Såleis kunne skodespelarane lett gå inn dit og skifte kostyme når det var nødvendig. Til sceneteppe vart brukt det norske flagg.
    På kammerset vart det seinare ordna med mat og kokt kaffe etter at elektrisiteten kom til Ulla hausten 1923. Men tidlegare kokte dei kaffe oppe i gardane. Dei sette på kaffen før dei for på fest, slengde innpå litt torv så kaffen skulle halde seg varm. Så når det var matykt, gjekk dei opp og henta den ferdige kaffen i store kjelar, 8 kjelar i talet. Og det var som regel nok til alle. Så tok dei stigen som dei brukte opp på loftet, og sette den opp utanfor vindauga på skulehuset, klatra opp og sende kaffekjelane inn gjennom glaset. På den måten slapp dei å gå gjennom folkemassen med dei store kaffekjelane. Dette var gutane sin jobb. Maten stod inne på kammerset, det var bakarmat og heimelaga mat. Husmødrene hadde steikt vaffelkake og lefser, og det smaka alltid godt. Maten vart sendt rundt i rommet på kaffebrett så alle fekk forsyne seg. Og alle var vel tilfreds. Det kom ofte folk frå Haram og Åkre, og dei likte seg godt på festane på Ulla.
    Når det gjeld programmet, så var det om å gjere å få tak i ein god talar. Det var som regel læraren eller presten. Lærar Godøy var mykje brukt som talar i denne tida. Elles kunne det hende ein sjeldan gong at ein fekk ein representant frå Ungdomssamlaget til å kome. Programmet starta med ein allsong frå Alvestads songbok. Det var ikkje starta opp blandakor på Ulla på denne tida, og det var ikkje orgelmusikk attåt allsongen. Så fekk talaren ordet med ein gong etterpå. Så var det opplesing frå det handskrivne bladet "Mjølner" og annan opplesnad av vers eller dikt. Johan Kristoffersen (postmannen som vart kalla Myre), var nokså fast å lese opp frå "Marte i Kvennavika".  Det var eit artig innslag. Og så fekk ein ofte Jo-Elias til å fortelje forskjellige historier. Skodespelet kom som regel i siste del av programmet, etterpå maten.





Lærar Godøy

Myre

Jo-Elias

    Når ein var ferdig med det ordinære programmet, vart det som regel folkeviseleik på skulehuset. Det første var å gå Napoleon-marsjen. Då vart det spelt ein marsj på orgelet. Og så vart det fleire leikar. Og når ein var ferdig med det, så barst det inn på Storebuda på dans. Det var ei fin oppleving på vakre sommardagar med svartestille. Ofte kom det folk kom roande frå Flem og Longva for å vere med på dansen på Storebuda. Det var ikkje alltid så innbydande danselokale der. Det vart salta fisk der inne, og ofte låg det fiskedungar som ein måtte kaste til sides før dansen kunne ta til. Og så låg der haugar med toskehovud som måtte ryddast unna. Men ungdommen var ikkje så godt van med luksus den tida, så ein var nøgd med det ein hadde. Denn
 
    Nedanfor har eg teke med ei faksimile av programmet for julefesten i 1943. Dette var på slutten av den aktive perioden til ungdomslaget. Men programmet var allsidig og profesjonelt. Det hende ofte i denne tida at ungdomslaget på Ulla reiste både til Longva og Lepsøya og framførte programmet der.



Forklaring til programmet:

Prologen var skriven og framført av Johan Bernt Ulla. Sjå denne lenka.
Velkomstsongen var laga av Johan Bernt Ulla. Sjå denne lenka.
Nissane på låven. Stev. Tekst Johan Bernt Ulla. Sjå denne lenka.
Song og musikk var viktige innslag både solo og korsong. Blandakoret på Ulla hadde lange tradisjonar, sjå lenke.
Opplesing ved Petter Tomren, det var Petter I. Tomren, son til Kristina og Ingvald Tomren.
Solosong ved P. Svendsen. Det var Petra Svendsen.
Opplesing frå lagsbladet "Mjølner" var fast innslag.
Innøvde sketsjar var også faste innslag på julefestane. På festen i 1943 var det to skjetsjar og eitt songspel.
Visesong ved E.V. & P.T. Det var Einar Verpeide og Petter I. Tomren.


Gå til toppen