ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt



 









Storebuda




Utsnitt av modellen av Ullahammaren slik det såg ut om lag i 1880.  Modellen er laga av Per Ulla i 1975


    Det var to store sjøbuder vegg i vegg på 1800-talet. Til venstre ligg Tranbrenneriet med eitt vindehus, og til høgre den opphavlege Storebuda med to vindehus. Den opphavlege Storebuda spelte ei sentral rolle i fiskerimiljøet i Ullahammaren fram til 1890-talet. Då var glansperioden over, og Storebuda vart riven ned, frakta til Longva og sett opp att der. Etter den tid fekk Tranbrenneriet "overta" namnet Storebuda. Det var altså på ei tid då det var slutt på tranbrenning i denne sjøbuda. Tranbrenneriet vart derimot nytta til fiskemottak i ein mindre målestokk enn tidlegare.
    I mangel på skikkeleg forsamlingshus vart Storebuda utover 1900-talet mykje nytta som danselokale for ungdommen. Rett nok hadde ein skulehuset, og det var mange fine festar der, men som danselokale vart det for trongt, og kanskje var det også ulike meiningar om det var rett med "syndig" dans i eit lokale som vart nytta til skule og religiøse tilsetellingar, til dømes basar.




Ullahammaren om lag 1938. Foto utlånt av Per Ulla

    Til venstre ser vi Storebuda (tidlegare Tranbrenneriet) med ei påbygd sval med skråtak på høgre side. Vidare ser vi Åkre-buda og Elias-buda. Bak Åkre-buda ligg Elias-stova, Gamle Svendsen og Kari-stova. Bak Elias-buda ligg Gamlestova.



Her ser vi Storebuda med Petter-stova (eller Hellevik-stova)  til venstre, bak der ligg Jubb-stova
og Åkre-fjøsen nedanfor til venstre.
  Foto under 2. verdskrig 1940-45 utlånt av Lars Ulla.


    Her er eit sjeldan foto av Storebuda som danselokale. Vi ser 4-5 personar som står oppe på Haugen og ventar på besøk frå Longva eller Flem. Dei kjem roande i to færingar og legg til  vøren attmed Storebuda. Opphavleg var danselokalet inne i sjølve Storebuda, men etter at svala vart bygd på på høgre sida slik du ser på fotografiet, vart dansen lagt dit. Grunnen til dette var at golvet i Storebuda var så ujamnt på grunn av slitasje. Det stakk opp spikarhovud og kvistar over alt slik at det ikkje var så lett å danse. Då var det betre i svala med nytt golv.



 
DANS PÅ STOREBUDA

På laurdagskveldane var det populært med dans på Storebuda på Ulla. Då kom det ofte ungdommar frå Longva og Flem og frå Haram og Åkre til Ulla. Det var som regel levande musikk med trekkspel og fele, eller så brukte dei grammofon. Johan Tomren var flink på trekkspel og var mellom dei som spelte til dans på Storebuda. Olav Verpeide (Laffen) hadde grammofon som var eit svært populært innslag på dansen. På fotografiet til venstre ser vi eksempel på aktive musikarar frå Ulla. Til venstre Per Ulla (Kari-Per, eller tannlegen som han vart kalla) på fele og til høgre Johan Tomren på trekkspel. I framgrunnen står grammofonen til Laffen. Ein gjorde seg hjelpt med det ein hadde, men grammofon var no ganske moderne på denne tida, i 1930 og 1940-åra.
 

Gå til toppen