ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt



 









På Haugen

    Haugen er namnet på den høgda som ligg midt på Ullahammaren. Haugen var den faste samlingsplassen for store og små på Ulla i gamle dagar.  Ofte var det opp til 20-30 personar som samlast der for å kose seg med kaffe og kaker, song og musikk i ledig stunder særleg på søndagane.  Nedanfor har eg samla saman ein del fotografi som viser korleis dette var.  Det er verd å merke seg at Haugen framleis er friområde i noverande reguleringsplan for Ulla. Men Haugen blir ikkje lenger brukt som samlingsplass. Kanskje dette kan bli ein tradisjon igjen. Der er mange lune plassar å slå seg ned når det der nordavind og sol.
    Midt oppe på Haugen er der ei slette der ungdommane brukte å sparke fotball. Elles var det vanskeleg å finne plass til fotballtrening då graset skulle få vekse i fred på attelegene. På Haugen var det fritt fram å leike seg og trene fotball.  Sjå meir om fotball på Ulla på denne lenka.





Grammafon, trekkspel og felespel på Haugen i 1935.  Foto utlånt av Helga Ulla.
Frå venstre: Leidulv Refsnes, Jørgen Åkre, Harald Åkre, Kåre Ulla, Per Ulla på fele, Johan Tomren på trekkspel.
Småjenta framme er Kristi Ulla.






Her er det tydelegvis noko å feire. Norsk flagg, kaffe og kaker på Haugen.
Frå venstre: Ukjend, Ingebjørg Åkre, Svanhild Åsebø, Hanna Åkre, Elida Ulla, ukjend.






Meiningar om kvar Ullasund-brua skal kome. Midt på 1960-talet.
Bak: Karl Svendsen, Ole Ullahamar, og Edvin Verpeide.
Framme: Nils Longva, Johan H. Ulla, Knut Åkre, Ågne Ulla og Petter M. Ulla.





Kosestund på Haugen ca 1940.  Kaffe og kaker. Grammofon framme til høgre.
Bak: Tre jenter ukjende, Helga Ullahamar , Oddmund Verpeide, Johan Bernt Ulla,
Olav Verpeide, Harald Åkre, Filop Ullahammer.
Framme: Ukjend, Helga Tomren med barn på fanget, Anna H. Ulla, Borghild Tomren, Petra Svendsen,
Marie Svendsen, u
kjend.





På Haugen i 1937
Framme: Magnhild Ulla, Helge Blindheim, Janna Ulla, Olav Ulla, Olaus Tomren, Johan Bernt Ulla,
Petra Svendsen.  Bak nr 2 frå venstre ser vi Edvin Verpeide






Her er same gjengen frå ein annan vinkel.
Dei to til venstre: Janna Ulla og Olav Ulla.  Olav Verpeide med lue, Magnhild Ulla,
Johan Bernt Ulla med hatt.  Petra Svendsen på fanget til Olaus Tomren.





Populær kar i militæruniform.
Helga Åkre, Alv Verpeide og Signe Tomren






Bak: Helga Trandal (tenestetaus), Janna Ulla, Magnhild Ulla og Johan Bernt Ulla.
Framme: Olav Verpeide og Judith Lausund (seinare gift med Olav Olden på Haram)





Frå venstre: Ukjend, Janna Ulla, Harald P. Ulla (Pittersen), Helga Åkre, Karl Svendsen og Helga Trandal.







På Haugen 1921
Frå venstre: Ottar Åkre, Helga Åkre, Emma Ulla med Per Ulla på fanget, Trine Ullahammer med ei lita jente,
Jenny Strømme, Svanhild Åsebø, Elida Ulla, Laura Ulla med dottera Solveig på fanget






På Haugen i 1937
Frå venstre: Helga Åkre, Olaus Tomren, Signe Tomren, Ingebjørg Åkre med lue, Helga Trandal.
Framom henne sit Alv Verpeide i uniform. Framom Alv sit Inger Ulla. Dei to midt framme er ukjende.
Bak Signe Tomren sit Klara K. Ulla






På Haugen i 1953
Petra Svendsen, Johan Bernt Ulla, Lovise Verpeide med Kristin på fanget, Karl Svendsen, Jørgen Åkre,
Olav Verpeide, Edvin Verpeide, Ola Ulla med Karin på fanget.



Gå til toppen