ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Fyrvaktarar

Malme
Rønnestad
Torgersen
Godø
Strømmen
Folkestad
Hammer-Olsen
Rønning
Kvaløy
Krøvel
Austnes
Kjerstad

Ole Andersson Rønnestad (f. 1843 d. 1899)
fyrvaktar frå 7. desember 1878 til 8. august 1899

I folketeljinga for Volda i 1865 var Ole Rønnestad omtala som steinarbeidar 23 år gammal.  Han var i ein gjeng med unge menn frå Volda som reiste rundt på kysten og sette opp steinmurar på fyrstasjonar.  Om lag 1870 kan ein seie at sunnmøringane delte oppsynet av fyr- og merkevesen mellom seg.  Ole A. Rønnestad hadde tidleg på 1870-talet ansvaret for oppsynet for Troms og Finnmark.  Dette gjekk på omgang, og i 1876 hadde Ole A. Rønnestad ansvaret for området frå Lista til Stad.  1876 var det siste året det vart brukt open båt i merkevesenet.  I Volda vart det bygt ei merkeskøyte som vart kalla "Fritjof".  Ole A. Rønnestad fekk gjennom at det skulle installerast eiga feltsmie i båten.  Seinare vart det bygt fleire merkeskøyter som vart bemanna frå Volda.  Ole A. Rønnestad var til liks med Christian Malme fyrvaktar som var rekruttert frå stillinga som fyrarbeidar. Ole A. Rønnestad var nok ikkje med på bygginga av Ulla fyr, men derimot på Halten fyr i Nordland som vart bygt samtidig med Ulla fyr.

Ole A. Rønnestad tok over som fyrvaktar etter Christian Malme i 1878.  Dei første 9 åra han var fyrvaktar, var det framleis berre fiskefyr på Kvernholmen.  Rønnestad var der berre i fisketida frå januar til april.  Elles dreiv han med oppsyns- og fyrarbeid langs kysten mellom anna på merkefartøy.  Rønnestad fekk etter kvart ein stor familie, og familien budde i Volda så lenge Rønnestad hadde desse funksjonane.  Imidlertid vart det sett fram planar om å gjere Ulla fyr om frå fiskefyr til kystfyr med funksjon heile året, ein såkalla familiestasjon.  Dette førte til at det vart sett opp bustadhus, uthus, fjøs og naust på Kvernholmen.  Rønnestad heldt fram som fyrvaktar etter at Ulla fyr fekk utvida funksjon, og han tok då med seg heile familien sin frå Volda til Kvernholmen.  Det var i 1887.

Då han og kona, Berte Rasmusdatter, kom til Ulla fyr, hadde dei åtte born.  Minstejenta, Berte Johanne Gurine, var ikkje eingong årsgammal.  Ei av jentene, Pernille Rasmine, som var fødd i 1873, vart konfirmert i Haram kyrkje i 1888.  Den 9. august 1889 var det barnefødsel på Kvernholmen.  Då vart Margrete Elisabeth fødd og dei var 11 søsken.

Ole M. Andersson Rønnestad  f. 1843 d. 1899  var gift med Berte K. Rasmusdt  f. 1848
 



Barn:
Fødselsdato:
1
Anna Petrine
05.01.1869
2
Anders Johannes
24.05.1871
3
Pernille Rasmine 26.04.1873
4
Rasmus Olai 05.08.1875
5
Martha Canute 27.07.1877
6
Peder Andreas 08.10.1879
7
Olaf
05.02.1882
8
Knud 26.01.1885
9
Berte Johanne Gurine 16.01.1887
10
Margrete Elisabeth 09.08.1889
11
Johannes Zakarias
24.12.1890

Familien Rønnestad levde eit aktivt liv på Kvernholmen.  Det var ein svært musikalsk familie.  Det blir fortalt at dei hadde eige songkor der både born og vaksne var med.  Pernille, den eldste av borna, var dirigent for koret.  Ungane frå Ulla fekk også vere med når dei kom på vitjing til Kvernholmen, og koret frå Ulla fyr brukte å underhalde på tilstellingar på skulehuset på Ulla.

I denne tida var det eiga guvernante som tok seg av barnestell og skuleundervisning for ungane på Ulla fyr.  Det er vanskeleg å tenkje seg korleis det kunne gå an å fungere som familie på ein utpost som Kvernholmen med 8 ungar.  Det var ikkje mykje plass til kvar enkelt av dei 11 som budde der, og med havet rundt på alle kantar var det ikkje direkte ufarleg.  Mange av dei daglege arbeidsoppgåvene var slett ikkje lettvinte, og såleis måtte nok alle hjelpe til.  Dei små flekkane med jord vart dyrka opp, og kvar ein rutemeter og kvart eit grasstrå vart utnytta.  Det skulle gje for til dyra som dei hadde, truleg ei ku og nokre sauer.  Elles hadde dei sjølvsagt havet som matfat rundt seg, mellom anna med rett til å fiske laks.

Ole A. Rønnestad var fyrvaktar på Ulla fyr i 21 år, dei siste 12 åra med heile familien sin der ute etter at det vart familiestasjon.


Gå til toppen