ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Rasmus Godøy

Lenke til oversikt over lærarane på Ulla skule



Rasmus Godøy (1881-1960)
Foto utlånt av Ivar Eidskrem


    Rasmus Godøy var frå Godøya som namnet fortel. Han fekk kjøpt seg eit jordstykkje på nordsida av Haramsøya. Tomta strekte seg frå fjell til fjøre. Han dyrka opp jorda, bygde løe og bustadhus. Langs begge sider av det oppdyrka jordstykkjet ser vi prov på arbeidet som Rasmus la ned. Der ser vi steingardar fint oppmura av stein som han bygde opp. Ved sjøen bygde han ei stor sjøbud som vart kalla Godøy-buda. Sjå nedanfor. Det er vanskeleg å forstå korleis han fekk tid og krefter til å byggje opp alt dette og drive det samtidig som han hadde yrket sitt som lærar.
    Rasmus var gift med Anna f. Eidsvik (1874-1964). Dei hadde tre døtre: Klara, Åsta og Ragnhild. Ragnhild var gift med Ingvar Eidskrem.
    Rasmus var lærar på Ulla skule frå 1904 til 1916. Han tok over etter Ole Hovseth. Samtidig, og litt lengre, var han også lærar på Åkre skule, frå 1904 til 1925. Anten Rasmus skulle til Åkre eller til Ulla for å undervise, var det lang skuleveg. Til Åkre var det å gå over fjellet, og til Ulla kunne han gå eller sykle, alt avhengig av ver og føre. I tillegg til vanleg undervisning hadde Rasmus også ansvaret for sløyd-undervisning for gutane. Det var på same måten som sy-skulen for jentene. Det var sett av nokre veker i slengen. Når gutane hadde sløyd, var jentene fri og motsett. Det var ikkje så avanserte ting som vart laga i sløyd-skulen. Det var smått med utstyr og materialar. Det var ei kjend sak at gutane stort sett fekk i oppgåve å smie piper i sløydtimane med Godøy.
    Rasmus Godøy var ein framifrå talar og førelesar. Han vart alltid brukt på festar i ungdomslaget og på basar på skulehuset. I kvar ein protokoll frå UL Samhald i denne tida står det at Rasmus Godøy hadde bidratt med gode innlegg på festane. Det er også kjent at han stilte opp i gravferder og forretta. Han var ein dyktig og allsidig person som hadde mykje å seie for lokalsamfunnet.




Foto: Leiv Rørvik. Foto teke i hagen til Godøy i 1940-åra med huset i bakgrunnen. Foto utlånt av Helga Ulla.
Frå venstre: Helga Ulla, Johan Bernt Ulla, Rasmus Godøy, Anna Godøy og Lovise Rørvik.


GODØY-HUSET




Godøy-huset med løa til venstre. På bildet frå venstre 1925:
Rasmus Godøy, Ragnhild, Åsta, Senta, Klara og Anna
Heilt til høgre ser vi murane av Jo-Karl-huset som var under bygging

 
    Ragnhild var mor til Ivar Eidskrem, Åsta var søster til Ragnhild, Senta var ei tysk jente som kom vekk under 1. verdskrig. Ho var med i familien om sommaren. Les brevet til Rasmus Godøy frå Senta. Lenke.  Klara var søster til Ragnhild. Det var ho som tok over Godøy-eigedommen. Klara var ikkje gift. Til høgre ser vi Anna som var gift med Rasmus.


KRISTIAN LØNSET - EIN KUNSTNAR MED STEIN


FOTOALBUM - LØNSET-MUR I GODØY-HUSET



GODØY-BUDA

    Vi veit ikkje så mykje handfast om sjøbuda til Rasmus Godøy, men eg har fått ein del informasjon frå barnebarnet til Rasmus, Ivar Eidskrem som bu på Eidsvoll. Ivar har teke over barndomsheimen på Nordstranda etter foreldra Ingvar og Ragnhild Eidskrem. Ingvar var frå Eidskrem i Julsundet ved Molde, og Ragnhild var dotter til Anna og Rasmus Godøy. Ingvar arbeidde i Haram Sparebank og Ragnhild arbeidde på Haram Trygdekontor.
    Sjøbuda vart truleg bygd i tida 1920-22 med eit tilbygg noko seinare. Rasmus kjøpte, salta og røykte sild. Mellom anna eksporterte han sild til Vest-India. Rasmus fortalde at silda vart kokt saman med mjøl til ein næringrik velling som arbeidarane på sukkerplantasjane åt. Det var truleg drift ved sjøbuda til fram til andre verdskrig. Etter den tida vart den utleigd til lager for fiskebåtar fra Longva og Haramsøy, mellom anna Skarvaag og Ullaholm. Eg hugsar godt dei store bingane med blåser som vart brukt i sildefisket. Rasmus døydde i 1960, og då sa Klara Godøy opp leigeavtalane med fiskebåtane. Buda stod tom til forfall fram til Nordwestbåt kjøpte den i 1985.
 


Godøy-buda midt i bildet.  Huset til Helga og Johan Bernt Ulla stikk fram til venstre.
Nede til høgre i bildet ser vi "naustet" til Johan Flem.
Det var ein avkappa notbåt som var snudd opp ned og lagt oppå steinmurar. 
Midt i bildet vart det bygt industribygg der "Nordvestbåt" heldt til først, seinare "H-vinduet".




Restane av Godøy-buda slik dei står i dag. Foto: Knut Hallvard Ulla - 2007


Gå til toppen