ULLA



 
Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Fotoalbum - Lønset-mur i Godøy-huset





    Her er Godøy-huset om lag 1925. F.v. ser vi Rasmus Godøy, Ragnhild, Åsta, Senta, Klara og kona Anna.Vi ser eit nybygd hus med løa bakom. Til høgre i bakgrunnen ser vi påbegynte murar til huset til Jo-Karl. Eigar no: Birger Tomren. Eigedommen til Rasmus og Anna strekte seg fra fjell til fjøre. Rasmus var lærar både på Åkre Skule og Ulla Skule. I tillegg hadde han småbruk og dreiv med kjøp og sal av fisk i stor stil frå Godøy-buda

 


    Etter at Rasmus og Anna døydde i 1960 og 1964, vart Klara att åleine i Godøy-huset. Klara var ugift. Huset vart etter kvart prega av manglande vedlikehald. Klara budde i huset til ho døydde i 1980. Etter den tid var det ingen som budde i huset lenger, og det vart meir og meir forfall. Torleif Rogne fekk så kjøpt huset og fekk frakta det til Støene på Skuløy/Flemsøy. Der sette han det oppatt, men murane stod att på dei gamle tuftene. Bildet ovanfor viser det restaurerte Godøy-huset, men dei praktfulle kjellarmurane vart ikkje med til Støene.




Kristian Lønset - Ein kunstnar med stein. Lenke
 
Les den omfattande og grundige historia om Kristian Lønset. Skrive av Magne Kjerstad.

    Eg kan tilføye at Godøy-huset vart bygt av Kristian Lønset om lag i 1915. Dette fell altså saman med tidspunktet då Kristian Lønset miste livet i ei ulukke med sprenging av stein. Eg har opplysningar frå onkel min, Ole Ullahamar,  som hugsar Kristian som ein dyktig murar. Men Ole Ullahamar fortalde at Kristian ofte brukte korte lunter i sprengingsarbeidet, og det var i ei slik ulukke Krisian miste livet i oktober 1915. Dette skjedde i samband med bygging av Godøy-huset. Huset vart bygt ferdig etter at Kristian døydde.

    Nedanfor ser du restane av murane. Det viser at Rasmus bygde på utbygg mot aust og trapper både mot nord og sør. Butikken låg i påbygget mot aust, ned mot vegen. Foto viser døropninga mot inngangen til butikken.


Foto: Knut Hallvard Ulla


















Gå til toppen