ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Ruth Sunde

Lenke til oversikt over lærarane på Ulla skule



Ruth Sunde
Foto: J. Sponland





Ingvald Tomren-huset
Foto: Knut Hallvard Ulla - 1997

Ruth Sunde var frå Sunde i Sula kommune på Sunnmøre. Ho var lærar i 7 år på Ulla skule frå 1921 til 1928. Ho avløyste Astrid Alme, og då Ruth Sunde forlet Ulla, kom Astrid tilbake etter endt lærarskule i Volda. Ruth budde på loftshybel hos Kristina og Ingvald Tomren innom Vålen. Sjå fotografi til venstre. Ho var ei viljesterk og streng lærarinne. Når ho sa ifrå, var det ikkje vits å mukke. Ho kunne vere litt humørsjuk. Det blir fortalt at ho hadde ein brun skinnhatt. Dersom ho hadde den på seg når ho kom gåande nedover nedstevegen mot skulehuset om morgonen, visste elevane at ho var i dårleg humør. Dei kalla berre hatten for "sinte-hatten". Men Ruth var allsidig og flink. Ho var musikalsk og var med å starte opp songkoret på Ulla. Ho var den første dirigenten. Dette arbeidet følgde Astrid Alme opp då ho kom tilbake i 1928. Sjå omtale om songkoret under eigen katalog.



Ruth Sunde
Foto: J. Sponland
Antonette Ullahamar og Ruth Sunde
Foto utlånt av Sevrin G. Ulla


Gå til toppen