ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Olavius Alme

Lenke til oversikt over lærarane på Ulla skule



Olavius Alme (1865-1945)
Foto: J. Sponland





Brudebilde 1896 - Gurine og Olavius Alme
Foto utlånt av Per Ulla


Gurine K. Alme f. Ulla (1876-1948)
Foto utlånt av Per Ulla


    Olavius Alme var fødd på Litle-Alme i Hareid kommune i 1865. Han vart oftast kalla Olaus. Då han var berre seks år, omkom far hans under torskefiske med åttring ved Godøya. Heile mannskapet med unnatak av ein var frå Almestranda, og alle omkom. Garden dei hadde på Litle-Alme, var kyrkjegods, og den vart innløyst i 1879. Derfor var det aldri snakk om at Olaus skulla arve garden, for han hadde ikkje odel på han. Det var ein tungdriven gard, så Olaus var nok van med å arbeide frå han var liten. Såleis vart han i sine første ungdomsår med i torskefiske på åttring i lag med skyldfolket sitt.
    Men han var sikkert tidleg interessert i bokleg lærdom, og i 1891 kom han til Haram og tok seg lærarpost, mellom anna på Ulla skule. Det blir sagt at han alt då fekk hug til ein av dei eldste elevane sine, Gurine Ulla frå Lars-garden, som han seinare skulle bli gift med. Det var tydeleg at han likte læraryrket, og han bestemte seg for å ta utdanning som lærar, men det var nok ikkje tilfeldig at han kom tilbake til Ulla då han var ferdig med lærarskulen. Der var det nok ei jente som venta på han...
    Olaus gjekk på to-årig lærarskule på Hamar. Dit var det ikkje så enkelt å kome seg. Han følgde ei frakteskute til Åndalsnes. Der tok han seg arbeid hos ein kar som skulle til Gudbrandsdalen med ei fedrift. Men dette gjekk seint, Olaus var redd for å gå glipp av opptaksprøva. Derfor skilde han lag med fedrifta på Dombås. Derifrå fekk han lag med ein underoffiser og gjekk den lange vegen til Lillehammer. Frå Lillehammer følgde Olaus "Skiblander" til Hamar. Sommaren mellom skuleåra tok han seg slåtteteneste på ein gard som heitte Storhammer gård.
    Første lærarposten etter utdanninga fekk han i Haram, mellom anna i Ulla krins i 1893. Han var ein vakker og kraftig kar. Gamle folk snakka ofte om kor svær han var til å springe. Han tok ein stor bukk, som ikkje hadde vore i folkehand på mange år, på opa mark. Men då han fridde til Gurine, sa faren hennar, "Lars-Karl", tvert nei. Slik ein fattig lærarslamp ville han ikkje kaste bort dotter si til. Han hadde ikkje stemmerett ein gong! Men "Lars-Kristi", mor til Karl, som visstnok var ei myndig dame, slo i bordet og sa: "Dei ska 'a kvarandre, før 'anj e' enj so go' mannj at 'o fær 'kje bere!" Og slik vart det. Gurine og Olaus vart vigde i Haram kyrkje på Austnes den 23. august 1896.
    Det unge ekteparet flytta til Langevåg der Olaus fekk seg lærarpost. Der var dei i fire år. Men ein betre post lokka. Han søkte og fekk klokkar- og lærarposten i Ulstein i 1900. Det var skulen i Hasund som høyrde til klokkarposten, og dei flytta dit. Året etterpå kjøpte dei seg eige jordstykke og bygde hus der dei budde resten av livet. Huset kalla dei "Breidablikk".
    Olaus og Gurine fekk 8 barn. Ei av jentene heitte Astrid. Ho vart også lærar på Ulla skule. Du kan lese meir om Astrid Alme på eiga side.


Gå til toppen