ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Andreas Henriksen Grytnæs

Lenke til oversikt over lærarane på Ulla skule



Andreas Henriksen Grytnæs (1842- )
Foto kopiert frå Haram bygdebok


    Andreas Grytnæs var nordmøring, fødd i Øksendal. Han kom inn på seminaret i Troms i 1865 og tok eksamen der i 1868. I nokre år var han lærar i Lødingen i Nordland. Seinare flytta han til Bjørnør i Sør-Trøndelag og var lærar og klokkar der i 8 år. I 1881 søkte han klokkarposten etter Hans Vestre på Haramsøy.  Grytnæs fekk klokkarposten i sterk konkurranse med Lars Longva. I Haram kom Grytnæs till å gjere sitt største og beste arbeid til han søkte avskil i 1895. Han budde med familien sin på Klokkargarden på Åkre. Han var ein flink gardbrukar og dreiv klokkargarden opp til eit mønsterbruk. Han viste folk korleis dei kunne få meir ut av jordbruket enn før. Resultatet vart betre kår for bøndene. Også for skulen gjorde Grytnæs mykje godt. Han hadde ei hand med i at skulehus vart bygde i alle krinsane i 1880-90 åra. Han var ein flink lærar som var godt likt av alle. Opplysning på kristeleg grunn var den store grunntanken som låg bak alt han gjorde både i skulestova og utanfor. Heilt frå han gjekk lærarskulen i Troms hadde Grytnæs vore kristeleg vekt.
    Andreas Grytnæs var lærar i Åkre krins og Ulla krins frå 1881 til 1895. Det vil seie at han var omgangsskulelærar på Ulla frå 1881 til den nye skulen var ferdig i 1886, og så lærar ved Ulla skule i 9 år til han slutta i 1895.


Gå til toppen