ULLA
Hytta med Nye Svendsen i bakgrunnen og
med utedo og grisefjøs som vi ser i framgrunnen på
bildet. Då Olaus P. Ulla fekk leige Hytta, ordna han
seg med utedo i kombinasjon med grisefjøs. Det var om
å gjere å utnytte alle ressursane. Olaus P. Ulla (O'pei) og kona Inga f. Nordstrand Palma f. 1932 Sigrun f. 1936 Nora f. 1939 Oddvin f.1941 Noralf f. 1944 Jarle f. 1945 |
Her er bilde av den første
leigetakaren i "Hytta". Agnes Velure Lenke Sjå lenke over. Agnes var lærarinne frå 1935 til 1937. Det var altså på den tida "Hytta" var heilt ny. Eg veit ikkje sikkert, men det var truleg slik at Berte fekk Agnes som leigebuar samtidig som Berte budde der sjølv. Berte døydde altså i 1939. |
Her er
bilde av Olaus Petterson Ulla (1905-1989 saman med
kona Inga f. Nordstrand frå Valderøy (1903-1990).
Til høgre for Inga står Oddlaug i Sjur-garden på
Ulla. Olaus vart berre kalla OP (O'pei). O'pei flytta inn i Hytta etter at Berte døydde i 1939. I 1943 vart det slik at Jørgen og Janna Åkre flytta inn i Hytta som nygifte etter at Herbjørg vart fødd. O'pei og Inga flytta då ned i Jo-stova i Ullahammaren. Dei hadde då 4 barn |
|
Janna
og Jørgen vart gifte i 1942 og Herbjørg vart fødd
i 1943 i Mette-huset heimi garda. I og med at
Janna var halvsøster til Antonette, vart det slik
at Janna og Jørgen fekk leige Hytta som nygifte. Her er det nære slektsband. Jørgen vaks opp i Ullahammaren og var tremenning til Janna. Jørgen var bror til Helga, mor mi. Og Janna var søster til Johan Bernt, far min. Janna og Jørgen bygde seg nytt hus på Nordstranda, nord for Åkre-skaret og flytta inn der i 1953. Jørgen var fiskar på "Odin" og "Skarvaag" |
Harald P. Ulla vaks opp i Sjur-garden på Ulla. Han var bror til Olaus P. Ulla (O'pei). Dei var 10 søsken til saman. Harald vart berre kalla Pittersen. Han vart gift med Gjertrud frå Kvamsøya. Dei budde Hytta ei tid, men eg veit ikkje når. Pittersen og Gjertrud har to barn: Perry (1941) og Else (1955) . Familien flytta til Ålesund der Pittersen arbeidde i Fiskesalslaget i 20 år til han vart pensjonist. |
|
Her har vi eit
ungdomsbilde av Krogs-Helga. Ho vart fødd på
Buholmen i Ålesund, men foreldra Ole Krogsæter og
Kristine f. Ulla frå Sjur-garden flytta til Ulla
om lag 1896. Då var Helga 4 år. Ole var frå
Krogsætra, derfor vart familien kalla Krogs all
tida. Krogs-Helga vart ikkje gift, og ho budde i
Gamlestova der ho var telefondame. Ole og Kristine
tok åt seg ein liten gut, Ole Ullahammer
(Mette-Ole), som vart gift med Antonette Ulla. På
grunn av slektskapet fekk Helga leige hus i Hytta
på 1950-talet og fram til ho døydde i 1965. |