ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Hånes-kyrkja





BYGNINGA

   Laura og Severin gjekk forlova i mange år før dei gifta seg den 18. juni 1920. Dei bygde huset i den tida, og det vart innflytting i 1923. Laura sette si ære i at ho skulle tilverke alt av tekstilar, og at alt utstyr skulle vere på plass før dei gifta seg. Sjølve bryllaupet vart feira på Frk. Aarøes Hotell i Molde, og det var stort til å vere på den tida. Då hadde Laura vevd linty, brodert på monogram og hadde utstyret klart. Brudekjolen hadde ho sydd sjølv.
    Huset vart oppført i den tida sin mest trendy stil på desse traktene, jugend. Til innreiinga hyra dei inn ein interiørarkitekt frå Tyskland. Severin og faren, Kristian, var ikkje berre losar. Dei handla også med fisk. Ein gong var dei på ein tur til Italia, og der kjøpte dei seg møblar til kvart sitt hus, Severin til det heilt nye huset på Håneset. Det var djupraude plysjstolar med høg rygg og utsmykka bord. Seinare kjøpte han også et stort Vestre-orgel. Sølvty var også klart før giftarmål og innflytting. Laura og Severin hadde mønsteret "Flat Rose" frå gullsmed Th. Marthinsen i Tønsberg, det same som var designa og gitt i
gåve til kong Haakon og dronning Maud då dei kom til landet i 1905.

    Seinare tok Frøydis og Peter Hove over Hånes-kyrkja og brukte huset til feriebustad. Dottera Synnøve Hove fortel:

"Min far Peter Hove var svært hendig, som sønn av en snekker, og vant med gårdsarbeid, anlegg og fabrikkarbeid fra tidlig ungdom. Han brukte stort sett hele sommerferiene på vedlikehold og forbedringer. En sommer skiftet han og Odd 26 vinduer. Disse var spesialbestilt hos Lars-Nils-Leif (N.L. Austnes) for å ivareta husets opprinnelige karakter. Disse er siden skiftet av nåværende eier. En sommer innstallerte han vannklosett i kammerset og gravde ned septiktank i hagen. Per og Helge hjalp til med maling, Per malte taket på tårnet uten sikring og smurte fløyen så den skulle snu seg etter vinden mer stillegående. Den var merket med en stor S for Severin. Huset var delvis møblert med Laura og Severins flotte møbler. Husker særlig en rokokko sofa med dyprød plysj, eik spisestue med skjenk i to etasjer. Helge overtok disse og har dem i Bergen. Der var også mange flotte ildsteder: Høy etasjeovn, høy rundbrenner med krone, vedkomfyr, tilhenger og kamin. Alle disse var der da Frøydis solgte huset. Hun var svært opptatt av å ta vare på gamle gjenstander. Hun tapetserte stuen i gammel stil. Oppe på loftet var det fint brystningspanel som hadde en lys, fin lød takket være hennes og Lauras grønnsåpe behandling. Frøydis arbeidet mye i Hagen og snakket stadig om plantene som Laura hadde fått til å vokse, særlig var hun stolt av en kaprifolium. Frøydis var dyktig med ljå, både lang og stuttorv. Vi hadde et stort naust. Tomten var på 15 mål, kantet med steingard fra sjø til fjell. Frøydis viste oss ofte bytesteinene, slik Severin hadde vist henne. Severin drev også med fiskeindustri. Ruinene etter sjøbuden var yndet lekeplass for oss barna, kalte det Budavøren. Severin hadde visstnok over 40 ansatte på det meste, med mye eksport til Sør Europa. Laura trakterte forretningsforbindelsene med hjemmelaget vin av bær fra hagen. Jeg har ennå noen av vinglassene hennes. Håneset var visstnok første huset på Haramsøya som fikk strøm. Folk gikk helt fra Austnes for å se - og de fikk lov å vri på bryteren.

En liten anekdote til slutt, vet ikke om den er sann: hvorfor Severin bygget akkurat der? Han kjørte utfor veien med sykkelen og ble liggende i lyngen der... "


M-55-H   "SVALEN"



Sevrin Kristianson Ullahammer (1880-1934) eller Jubb-Sevrin som han vart kalla, hadde ein fin båt som heitte "Svalen".  Fotografiet viser ein  stolt båteigar der ”Svalen” ligg i utfar innanfor Håneset.  Sevrin nytta båten som losskøyte, den vart ikkje brukt til fiske.  Sevrin var los på Ulla samtidig med Karl Knutson Åkre i Ullahammaren. Då Sevrin Ullahammer døydde i 1934, vart båten overteken av Fiskarbanken og seld til Sør-Aukra.

Lenke til "Svalen"


FOTOGRAFI




Jubb-familien, Hånes-kyrkja. Framme Laura Ullahammer
Bak: Johan Ullahammer, Solveig Gamlem, Frøydis Hove, Judit Rønning, Tordis Aursnes og Kristian Ullahammer


Fotoalbum av familien i Håneskyrkja. Lenke


Gamle hus. Håneskyrkja. Lenke


SLEKTSBOK

Sevrin Petter Kristianson Ullahammer  (1880-1934)

Sevrin eller Jubb-Søvrin som han vart kalla, var frå Jubb-stova i Ullahammaren. Han var son til los Kristian Jobson Ullahammer og Severine Ullahammer f. Gjøsundsæter. Sevrin gjekk i faren sine fotspor og vart los, først frå Ulla og seinare frå Håneset der han bygde seg  hus og til slutt var han los på Runde. I tillegg dreiv Sevrin med kjøp og sal av fisk.    

Gift i Molde i 1920 med Laura Johansdt. Ullahammer f. Ulla (1892-1983) frå Kari-garden på Ulla

Barn:
1.
Solveig Gamlem f. Ullahammer (1920-2016) gift i 1942 med Lars Gamlem (1917-1979) frå Gamlem. Dei budde i Brattvåg og flytta seinare til Nøtterøy. Lars var skipsførar. Dei hadde 4 barn: Sylvi (1943-2009), Jorunn (1947), Lars Sverre (1951) og Karl (1953)
2.
Frøydis Johanne Hove f. Ullahammer (1922-2012) gift i 1945 med sokneprest Peter Birger Hove (1904-1981) frå Stordal. Han var prest i Haram kyrkje. Familien flytta seinare til Bergen. Dei har 5 barn: Odd Sverre (1947), Leiv Magne (1948), Per Frode (1951), Helge (1956) og Synnøve (1962)
3.
Judit Rønning f. Ullahammer  (1924-2010)  gift med Harald Rønning (1924-1990) frå Porsgrunn.  Harald var amanuensis. Dei budde Oslo og har eitt barn: Ottar (1962)
4.
Tordis Aursnes f. Ullahammer (1926-2017) gift med Ingvald Aursnes (1919-1993) frå Hjørungavåg. Ingvald var kjøpmann. Dei budde i Larvik og har 4 barn: Geir (1950), Synnøve (1953), Torill (1956) og Børre (1959)
5.
Kristian Ullahammer (1928-2008) gift med Dorthea Ullahammer f. Solvang (1929). Kristian var 1. maskinist. Dei budde i Vestfold og har 2 barn: Liv (1957) og Kristin (1958)
6.
Johan Ullahammer (1931-1965) var ugift. Han var maskinist mellom anna på ringnotbåt.



Gå til toppen