ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt
Ulla Skulehus



 









Ulla Skulehus - Aktuelt


25.8.2021
Det blir årsmøte på skulehuset laurdag 21.8.2021.
Sjå styrepapir og protokoll:  Innkalling    Årsmelding    Rekneskap    Protokoll



3.3.2019
Det blir årsmøte på skulehuset laurdag 1. juni 2019.
To nye protokollar frå styremøte: lenka   lenka



3.6.2018
Årsmøte vart gjennomført laurdag 26. mai 2018. Sjå sakspapir og protokoll på denne lenka
Det var dugnad same dagen. Sjå video på denne lenka



9.11.2017
Då er varmepumpa på plass. Sjå bilde på denne lenka



19.10.2017
Referat frå styremøte 17. oktober 2017 finn du på denne lenka



26.6.2017
Referat frå styremøte 24. september 2017 finn du på denne lenka



26.6.2017
Fotoalbum frå årsmøte og dugnad 27. mai 2017.  Lenka.
Protokoll frå årsmøte finn du på denne lenka



15.5.2017
Sakspapir til årsmøtet laurdag 27.5.2017 kl 1300 finn du på denne lenka.




23.12.2016
Julebord på Ulla Skulehus 17. desember 2016. Fotoalbum finn du på denne lenka.



8.12.2016
Juleforestilling med Mandarinsaft. Fotoalbum finn du på denne lenka.



15.11.2016
Styremøte 14.11.2016 finn du på denne lenka.



1.11.2016
Foto frå kjøkenmontering på Ulla Skulehus oktober 2016 finn du på denne lenka.



20.8.2016
Foto frå jubileumskonserten på Ulla Skulehus finn du på denne lenka.



16.6.2016
Protokoll frå styremøte i Ulla Skulehus 11. juni 2016 finn du på denne lenka.



23.5.2016
Protokoll frå årsmøte i Ulla Skulehus 2016 finn du på denne lenka.
Alle sakspapir på denne lenka: Lenke
Fotoalbum frå årsmøte 2016. Lenke



5.5.2016
Husk årsmøte på skulehuset laurdag 21. mai 2016 kl 1300. Sjå innkalling her: Lenke.
Det blir dugnadshelg frå fredag til søndag.



11.4.2016
Ulla Skulehus er kome på facebook. Sjekk denne lenka.



25.02.2016
Protokoll frå styremøte i Ulla Skulehus 21. februar 2016 finn du på denne lenka.



20.12.2015
Protokoll frå styremøte i Ulla Skulehus 13. desember 2015 finn du på denne lenka.
Protokoll frå styremøte i Ulla Skulehus 19. desember 2015 finn du på denne lenka.



10.7.2015
Protokoll frå årsmøte i Ulla Skulehus 2015 finn du på denne lenka.
Fotoalbum frå årsmøte 2015. Lenke



20.5.2015
Sakspapira til årsmøte i Ulla Skulehus finn du på denne lenka.



4.5.2015
Fotoalbum frå strandrydding på Ulla. Sjå denne lenka.



29.4.2015
Referat frå styremøte den 24. april 2015. Sjå denne lenka.



7.4.2015
Referat frå styremøte den 31. mars 2015. Sjå denne lenka.
Det blir årsmøte på skulehuset laurdag den 13. juni 2015 kl 1300.



3.4.2015
Den 31. mars 2015 var det dugnad på skulehuset. Vi skifta vannstokkar og litt bordkledning på tre veggar. Sjå fotoalbum på denne lenka.



13.10.2014
Tilskot til skulehuset. Vi har motteke kr 3148 som inntekt frå tombola på Ullafesten. Takk til Astrid Ullahamar for innsatsen nok ein gong. Og så: Tilskot på kr 3030 for konsert på skulehuset og sal av mat og drikke på Quissen i samband med Ullafesten. Takk til Lars Ulla og hjelparar.



4.8.2014
Protokoll frå årsmøte laurdag den 7. juni 2014 kl 1300. Lenke.



11.6.2014
Fotoalbum frå årsmøte laurdag den 7. juni 2014 kl 1300. Lenke.



10.5.2014
ÅRSMØTE 2014.
Det blir årsmøte på skulehuset laurdag den 7. juni 2014 kl 1300. Vel møtt.
Årsmøtepapir blir sendt ut til medlemane i posten med det første. Dei ligg også på denne lenka.



18.12.2013
Protokoll frå årsmøte 2013. Lenke



14.11.2013
Vi har søkt om tilskot til innreiing og utrusting av kjøken og wc på skulehuset i samsvar med vedtak i siste årsmøte. I dag har vi fått melding om eit tilskot på kr 10 000 frå Sparebanken Møre. Kjempeflott. Lenke.  Takkebrev blir sendt.
Elles har vi kjøpt inn material til reparasjon av bordkledning og vannstokkar på vestveggen og austveggen. Dette får vi ta på dugnad til sommaren.



1.8.2013
Fotoutstilling i samband med Ullafesten på denne lenka.


20.6.2013
Utvendig måling av skulehuset. Peder Ulla måla  eitt strøk på vestveggen og sørveggen. Skade på vestveggen er reparert.


23.5.2013
ÅRSMØTE 2013.
Årsmøtepapir på denne lenka.


8.5.2013
ÅRSMØTE 2013.
Det blir årsmøte på skulehuset laurdag den 15. juni 2013 kl 1300. Vel møtt.
Årsmøtepapir blir sendt ut til medlemane i posten med det første.


18.1.2013
Vi har investert i grasklippar til skulehuset slik at vi slepp å låne på bygda når vi skal slå graset til sommaren.
Og så har vi fått tinglyst vegrett frå skulehuset over g.nr 10 br.nr 7, Lars-garden, og bort til hovudvegen.


1.8.2012
Fotografi frå Klæberget Sommarbutikk siste helga i juli 2012. Lenke


11.6..2012
Fotografi frå årsmøte og dugnad laurdag 9.6.2012. Lenke
Protokoll frå årsmøte. Lenke


28.5.2012
ÅRSMØTE 9. JUNI 2012 KL 1300
Sjå årmøtepapir på denne lenka

SOMMARBUTIKK 2012
Det blir sommarbutikk i samband med Ullafesten laurdag 28. juli 2012 på skulehuset.


7.5.2012
DUGNAD
Det var dugnad på skulehuset laurdag 5. mai 2012. Lenke
ÅRSMØTE
Det blir årsmøte på Ulla Skulehus laurdag 9. juni 2012 kl 1300


18.3.2012
DUGNAD
Det blir dugnad på skulehuset laurdag den 5. mai 2012 kl 1100. Vi tek sikte på å skifte dei to vindauga mot sør og elles rydde og stelle til sesongen


3.2.2012
Vi har no fått dei to nye vindua som skal setjast inn på sørsida av skulehuset. Vi tek sikte på å gjere dette på dugnad til våren.


1.1.2012
DAGMAR.
Rapport om orkanen Dagmar. Det var eit forferdeleg uver 2. juledag 2011 då orkanen Dagmar herja langst kysten. Den var ikkje fullt så kraftig som nyttårsorkanen 1. januar 1992, men det mangla ikkje så mykje. I 1992 var det målt vind på 60 meter i sekundet (orkan er på 32,6 m/s og over det). 26. desember 2011 vart det målt 56 m/s på Ona fyr. Det vart ein del skade på hus, tre og stolpar på Ulla, men Ulla skulehus slapp heldigvis relativt bra frå uveret. Vi registrerer ei knust glasrute på austveggen (mot Hammaren), og to veggbord på vestveggen vart slått av då ein lyktestolpe ved vegen vart knekt og slått inn i veggen på skulehuset.


8.12.2011
Styremøte 7. desember 2011. Lenke


1.9.2011
Det vart også i år ei vellykka helg med Ullafest og Klæberget sommarbutikk på skulehuset siste helga i juli. Mange takk for økonomisk tilskot på kr 5000 frå Klæberget sommarbutikk og over 4000 kroner frå loddsal på Ullafesten. Særleg takk til Solveig Dalhaug Ulla og Siv Ulla Otterlei ved Klæberget og Astrid Ullahamar for organisering og gjennomføring av loddsalet.


1.8.2011
Masse bilde frå Klæberget Sommarbutikk siste helga i juli 2011. Lenke


23.7.2011
Då nærmar det seg Ulla-fest igjen. Det blir kulturinnslag laurdag 30. juli 2011 kl 1300. Sjå plakat.
Også i år blir det sommarbutikk på Ulla Skulehus. Opning fredag 29. juli 2011 kl 1600. Sjå flygeblad.


9.7.2011
Protokoll frå årsmøte i Ulla Skulehus 18. juni 2011. Lenke


30.6.2011
Ny reguleringsplan for Nordøyvegen forbi Ulla Skulehus. Lenke. Sjå særleg dette kartet.


20.6.2011
Masse bilde frå dugnad og årsmøte på Ulla Skulehus laurdag 18. juni 2011. Lenke


10.6.2011
DUGNAD på skulehuset laurdag 18. juni 2011 kl 1100. Sjå plakat på Hammaren og heimi garda eller på denne lenka.
Vel møtt.
Det blir også årsmøte same dag kl 1300 på skulehuset.


10.5.2011
Dokumenta til årsmøtet 18. juni 2011 kl 1300 på Ulla Skulehus finn du på denne lenka.
Same helga blir det dugnad på skulehuset. Sjå etter plakat på Ulla når det nærmar seg.


11.4.2011
I dag er det 2 år sidan laget vart skipa.
Styret har bestemt at det blir årsmøte i Ulla Skulehus laurdag 18. juni 2011. Same helga blir det dugnad. Vi kjem tilbake med årsmøtedokument og nærare opplysningar om dugnaden seinare.


23.2.2011
Då er endeleg alle formalitetar i orden. Ulla Skulehus eig no bygning og grunn. Vi har nettopp fått tilsendt tinglyst skøyte frå Statens Kartverk på g.nr 10 b.nr 76 og b.nr. 77. Sjå vedlagte kart. Lenke.


22.12.2010
GLADMELDING TIL JUL.  Vi har fått kr 10 000 i tilskot til Ulla Skulehus frå Sparebanken Møre. Lenke


12.11.2010
Referat frå styremøte den 7.11.2010. Lenke


20.10.2010
Nytt fotoalbum med historiske bilde frå Ulla Skulehus. Lenke


22.8.2010
Referat frå styremøte den 19.8.2010. Lenke


3.8.2010
Masse bilde frå Klæberget sommarbutikk 2010. Lenke.
Elles så fekk vi avslag på søknad om gåvemidlar frå Sparebanken Møre ved tildelinga no i vår.


6.7.2010
Det blir sommarbutikk på skulehuset i juli/august 2010. Sjå oppslag i Haramsnytt 6. juli 2010. Lenke.
Opningstider for butikken: Fredag 30. juli 2010 kl 1500 - kl 1900.
Dei andre dagane er det ope: kl 1100 - kl 1600.


1.7.2010
Bilde frå årsmøtet 12. juni 2010. Sjå fotoalbum. Sjå elles alt frå årsmøtet. Lenke.


14.6.2010
Årsmøte vart avvikla på skulehuset laurdag 12.6.2010. Vi kjem tilbake med protokoll og fotografi seinare.
Same dag sette vi inn den restaurerte utdøra, nymåla og fin. Sjå fotoalbum.


4.5.2010
Det blir årsmøte for Ulla Skulehus laurdag 12. juni 2010 kl 1300 på skulehuset. Sjå lenke.


26.3.2010
Utdøra er ferdig restaurert. Arbeidet er utført av Lyder Hesthol ved snikkaravdelinga på Romsdalsmuseet i Molde. Vi er svært godt nøgd med arbeidet han har gjort. No står det att å måle døra i den opphavlege mørk brune fargen, einsfarga. Så skal vi setje inn ny låskasse og trykkert. Sjå fotoalbum.


3.1.2010
Restaurering av utdøra. Det har ikkje vore så lett å få tak i folk til å restaurere utdøra på skulehuset. Vi bestemte oss no for å ta ut dørblada og ta dei med til nokon som kan ta arbeidet når det høver. Til denne ad-hoc dugnaden 2. nyårsdag møtte Grethe, Åsmund, Bendik og Knut Hallvard. Vi har sett inn ei kryssfinerplate midlertidig, så døropninga er tett. No håper vi berre på å finne nokon som kan ta på seg slikt arbeid så døra kjem på plass til sommarsesongen. Vi skal også undersøkje litt om fargeval og kva som var vanleg før i tida. Sjå fotoalbum.
NY GLADMELDING.
Vi slengde inn ein søknad om midlar frå Haram Kommune før jul. Vi har no fått melding om eit tilskot på kr 5 000.
Derimot fekk vi avslag på søknaden om midlar frå Gjensidigestiftelsen.


1.12.2009
Referat frå styremøte i Ulla Skulehus 30. november 2009. Lenke


14.8.2009
Referat frå styremøte i Ulla Skulehus 5. august 2009. Lenke
Så har vi sendt inn søknad om tilskotsmidlar til Gjensidigestiftelsen. Søknadsfristen er 15. september 2009.


7.8.2009
Utbetaling av tilskot på kr 10 000 frå Sparebanken Møre. Lenke.
Referat frå styremøte i Ulla Skulehus 28. juni 2009. Lenke.


29.7.2009
Dugnad med måling av skulehuset. Sjå fotoalbum.


24.7.2009
Dugnad med vasking på Ulla Skulehus 24. juli 2009. Sjå fotoalbum.


9.7.2009
Reportasje om Ulla Skulehus og framføringa av teaterstykket Pindia i Haramsnytt 30. juni 2009. Lenke.
Masse bilde frå teaterstykket Pinda. Sjå fotoalbum.


1.7.2009
Artikkel om Ulla Skulehus i Sunnmørsposten 27. juni 2009. Lenke.


25.6.2009
GLADMELDING: Vi har fått positivt svar på søknad om midlar frå Sparebanken Møre. I dag fekk vi melding om eit tilskot på
kr 10 000.
Elles: Husk teaterstykket Pindia på Ulla Skulehus laurdag 27. juni 2009. Første forestilling kl 14 og andre forestilling kl 15.  Etterpå blir det song og musikk med lokale musikarar. Alt ligg til rette for eit vellykka arrangement.


29.5.2009
Vi får nye medlemmer kvar dag og er no komne opp i 43. Ta kontakt med slekt og vener og hjelp til å verve! Før sommaren er over, håper vi på 100 medlemmer.
Vi har sendt søknad om gåvemidlar i Sparebanken Møre med søknadsfrist 1.5.2009. Vi har ikkje fått svar enno.
Så har vi fått lovnad frå Otto Stornes på Vigra om å restaurere utdøra på skulehuset. Dette er vi svært godt fornøgd med. Han har god kompetanse på slikt arbeid og reknar med å vere ferdig i løpet av sommaren.
Namneskilt med årstal er på plass på skulehuset. Sjå fotografi.
Så køyrer vi på med kulturaktivitet på skulehuset. Laurdag 27. juni 2009 blir det teater på skulehuset. Sjå plakat på denne lenka. Vi håper på god respons.


30.4.2009
Det sig på med nye medlemmer. Vi er komne opp i 23, men det er langt att til målet om 100. Ta kontakt med slekt og vener og hjelp til å verve!
Vi søkte om midlar i Kulturminneåret, men fekk dessverre avslag. Så har vi sendt søknad om gåvemidlar i Sparebanken Møre med søknadsfrist 1.5.2009. Vi håper på positivt svar.


25.4.2009
Skilta på skulehuset er ferdige. Tusen takk til Birger Tomren som ordna det og ikkje minst til Dagfinn Nogva som har laga skilta.


25.3.2009
Skipingsmøte 11. april 2009 kl 1300 på Ulla Skulehus. Plakat


Gå til toppen