ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Tidslinje - forklaring

Tilbake til tidslinja



1650  Ulla-nausta

Det er utruleg å tenkje på at dei første nausta i rekkja vart bygde for over 350 år sidan. Naustrekkja vart bygd i fleire epokar, og dei fire største nausta frå høgre er eldst. To gonger er naustrekkja ramponert av storm, i 1972 og i 1992, men bygd opp att i opphavleg stil. Elles er det berre ei saltebud att. Det var opphavleg 8 slike saltebuder, ei til kvar gard.

Foto: Knut Hallvard Ulla - 2005





1770  Første losen på Ulla

Den første losen på Ulla heitte Nils Nilsen og budde i Ullahammaren. Seinare vart det mange losar på Ulla losstasjon, dei fleste var frå Ulla-gardane. Men dei to siste losane budde i Ullahammaren. Bildet viser Sevrin Ullahammer, eller Jubb-Sevrin, som han vart kalla. Han budde i Ullahammaren og bygde seinare Hånes-kyrkja.

Foto: J. Sponland - 1918





1849  Ulla-garden brann opp

Slik såg gardstunet på Ulla ut våren 1849 då det tok til å brenne. 40 trehus stod tett saman, og berre 2-3 bygningar vart redda i Kari-garden.  Men Ulla-bøndene bygde opp att husa slik dei stod før brannen. Mange hus vart kjøpte inne i fjordane og sette opp att på Ulla. Slik stod det gamle klyngjetunet til utskiftinga. Negard var først flytta ut i 1892.

Foto: Knut Hallvard Ulla - 2005





1869  Storstorm og ulykke

Midt under torskefisket den 2. mars 1869 var det mange båtar ute på fiskefeltet. Brått slo veret om og det vart ein uhorveleg storm. Åttringane som dei brukte, vart små og utrygge i uveret. Mange fekk vanskar med å kome seg velberga til lands. 18 mann miste livet i Ullasundet denne dagen. Denne tragiske ulykka sette fart i planane om å byggje fyr på Ulla.

Foto: Ukjent





1874  Ulla fyr teke i bruk

Etter eitt år med bygging vart Ulla fyr teke i bruk til vinterfisket 25. januar 1874. Det var berre fyret til høgre på bildet som var ferdig. Der budde fyrvaktaren i den tida fisket varte. Det var eit fiskefyr. Seinare vart fyret oppgradert, og i 1887 vart det bygd bustadhus, uthus og fjøs. Det vart ein familiestasjon og klassifisert som kystfyr.

Foto 1937 utlånt av Helga Ulla





1878  Utskifting av jorda

Rundt år 1880 vart alle småteigane samla i større teigar for dei ulike gardane. Dette gjorde det lettare å drive jorda. Bildet viser eit utsnitt av utskiftingskartet frå 1878. Det gamle klyngjetunet til venstre vart ståande enno ei tid. Den første garden som flytta ut var Negard i 1892. Tre gardar, Kari, Ingeleiv og Mette flytta aldri husa ut av klyngjetunet.

Foto: Knut Hallvard Ulla - 2002





1882  Løeg-fyret teke i bruk

Løeg-fyret var kalla opp att av fyrvaktaren Johan Herman Løeg. Fyret heitte eigentleg Ullahammer fyr og skulle skjerme for innlaup til Ullahammaren gjennom renna aust for Ullaholmen. Løeg-fyret var eit fiskefyr som berre var i drift i fisketida frå januar til april. Fyret brann ned til grunnen i 1980 etter at ungdommar hadde sett fyr på det.

Foto 1975 utlånt av Per Ulla





1886  Ulla skule teken i bruk

Staten kjøpte grunnen til Ulla fyr på Kvernholmen midt på 1880-talet. Grunneigarane på Ulla bestemte seg for å bruke pengane til å byggje skule. Skulen fekk ein sentral plass i bygda, ikkje berre til undervisning, men han vart mykje brukt til sosialt samvær som ungdomslag, søndagsskule, misjonsforening og korsong. Og så var der boksamling.

Foto: Knut Hallvard Ulla - 2005





1886  Brennevin-utsalet lagt ned

Handelsmenn som kom til Ulla, starta med brennevinutsal alt i 1830-åra. Tida fram til 1890 var gullalderen for handel og fiske på Ulla. Utsalet av brennevin var i andre høgda av Gamlesjøbuda, eller Elias-buda, som ho vart kalla seinare. Nedgangstider for fisket og avhaldsrørsle gjorde at utsalet vart lagt ned i 1886.

Foto: Knut Hallvard Ulla - 1977





1907  GV starta butikk

Gustav Vebjørn Ulla starta butikk i Kari-stova i Ullahammaren i 1907. GV som han vart kalla, førte vidare ein lang tradisjon med handel i Ullahammaren. I tillegg dreiv han også telefonstasjonen på Ulla i perioden frå før krigen til om lag 1950. Butikken låg i kjellaren inn døra til høgre. Der fekk ein tak i det meste som ein hadde behov for.

Foto: Knut Hallvard Ulla - 1997





1915  Løeg-fyret lagt ned

Etter om lag 30 års drift vart Ullahammer fyr lagt ned i 1915. Endringa i fiskerinæringa med større båtar og motor gjorde det ikkje nødvendig å bruke renna for å kome seg inn til lands. Etter den tid vart ikkje bygninga brukt til nokon ting, og den bar preg av forfall. Ullahammer fyr brann ned til grunnen i 1980.

Foto: Knut Hallvard Ulla - 1976





1939 Siste losen på Ulla

Dette er foto av bestefar min, Karl K. Åkre. Han starta som los i 1905 og slutta som den siste losen på Ulla i 1939. Det var etter samanhengande losverksemd på Ulla i 270 år. Karl var los på Ulla samtidig med Sevrin Ullahammer som slutta tidlegare. Karl var i tillegg fiskar med fiskebåten "Odin" som han også brukte som "losskøyte".

Foto utlånt av Helga Ulla





1944  Ulla fyr bomba

Den 24.10.1944 vart Ulla fyr bomba. Bustadhuset, fjøsen og uthuset vart ikkje råka. Det var allierte fly som bomba fyret same dagen som dei bomba rutebåten "Eira" ved Hestøya der mange menneske omkom. I 6 år stod det ei provisorisk lykt på Kvernholmen inntil nytt fyr vart sett opp på same staden i 1950.

Foto: Ukjent





1946 Storebuda vart nedriven

Frå venstre ser vi taket av Åkre-fjøsen, Jubb-stova, Hellevik-stova og Storebuda. Storebuda var eigentleg eit tranbrenneri. Den opphavlege Storebuda vart riven i 1890-åra og då vart Tranbrenneriet kalla Storebuda. Rett etter krigen vart Storebuda nedriven og frakta på flåtar til Steinshamn på Harøya der den vart sett opp att.

Foto frå  1940-åra utlånt av Lars Ulla





1950 Ulla fyr bygd opp att

Etter 5 år med provisorisk lanterne på Kvernholmen vart nytt fyr, bustadhus og uthus bygd opp att i 1949. Den gamle fjøsen og dei to gamle nausta står der framleis. Frå 1950 var det både fyrvaktar og assistent på Ulla fyr. Automatisering gjorde at det vart mindre behov for bemanning, og i 1994 slutta siste fyrvaktaren. Men fyret har framleis ein viktig funksjon.

Foto: Knut Hallvard Ulla - 2005





1959 Ulla skule nedlagt

Dette er siste klassebilete eg har frå Ulla skule. F.v. Kjetil, Jostein, Norvald, Per, Astrid og Jorunn. Skulen vart nedlagt sommaren 1959 då ny skule for Haramsøy stod ferdig på Austnes til skuleåret 1959/1960. Skulehuset på Ulla vart nytta til basar og liknande endå nokre år til, men så vart den ståande tom utan inventar og vedlikehald.

Foto 1955 utlånt av Per Åkre





1965 Gangbru til Ulla fyr

For å gjere det lettare for mannskapet på Ulla fyr å kome seg til og frå Kvernholmen, vart det bygd ei gangbru over sundet. Dette er eit særs solid byggverk som har stått imot alle stormar. Brua har fått ein heilt annan verdi i våre dagar, nemleg at Ulla fyr er tilgjengeleg som turmål til fots for alle som vil nyte naturen i storm og stille.

Foto: Knut Hallvard Ulla - 2002





1970 Ullasund bru opna

Ullasund bru vart opna av fylkesmann Erling Sandene 20.9.1970. Det førte til at dei to øyane vart eit samfunn og stod sterkare på mange måtar. Men brua var eit skjørt byggverk. Alt etter 27 år i 1997 måtte den gamle brua rivast og erstattast med ei ny. Og berre eit steinkast unna står dei gamle nausta som var bygde av tre i 1650.......

Foto: Knut Hallvard Ulla - 1976. "Skarvaag" på veg til sjøs





1971 Siste fiskebåten på Ulla

Etter ein lang tradisjon med fiskeri som næringsveg var det slutt i 1971. Då vart den siste fiskebåten M-52-H "Reidulf" selt. Det var brørne Kåre og Hallvard Ulla som åtte og dreiv båten.  "Reidulf" var ein overlag fin båt som dei kjøpte frå Vigra. Båten vart kalla "Vigra-felå" fordi han var så fin. "Reidulf" vart seld til Ellingsøya.

Foto 1970 utlånt av Tor Andre Tomren





1972 Ulla-nausta i ruinar

Etter orkanen i 1972 var Ulla-nausta i ruinar. Det starta vel med at ihopenaustet til Lars- og Kari-garden vart rive under brubygginga. Det vart eit ope rom midt i rekkje så nausta ikkje kunne støtte seg på kvarandre. Då orkanen kom, vart Mali-naustet heilt rasert, og Mette-naustet stod på skakke slik vi ser på fotografiet. Restaureringa vart sett i gang i 1974-75.

Foto 1973 utlånt av Møre og Romsdal fylke, kulturavdelinga





1972 Butikken vart nedlagt

Gustav V. Ulla starta butikk i Kari-stova i 1907. Då han stengde butikken i Ullahammaren, starta Knut K. Åkre opp med handel i nye lokale rett ved sida av bustadhuset Åkre i 1953. Der dreiv han butikk saman med kona Olga fram til 1972. Dermed var ein lang tradisjon med handel i Ullahammaren over. I tillegg dreiv Knut småsjøen med "Trulsen".

Foto: Knut Hallvard Ulla - 1997





1976 Ulla-nausta restaurert

Her ser du foto av arbeidet med å restaurere Ulla-nausta i 1976. Det var mykje dugnadsinnsats som låg bak. I tillegg var det leigd inn hjelp frå ein fagmann, Karl Aksnes. Det som vart gjort desse åra, var svært viktig for å ta vare på dette viktige kulturminnet. Men vi må hugse på at årleg vedlikehald er heilt nødvendig for å unngå ny rasering.

Foto: Knut Hallvard Ulla - 1976





1979 Elias-buda rasert i storm

Etter lang tid med manglande vedlikehald og uavklart kva som skulle skje med Elias-buda, kom orkanen i desember 1979 og feia buda over ende. Elias-buda, eller Gamlesjøbuda, som ho opphavleg heitte, var det siste minnesmerke av rekkja av sjøbuder langs strandkanten i Ullahammaren. Namnet hadde ho etter eigaren, Elias H. Flem, Remme-Elias.

Foto: Per Ulla - 1980





1997 Første Ulla-festen

Forløparen til Ulla-festen slik vi kjenner han, var på Gunna-buda på Longva i 1995 etter invitasjon frå Astri Eidseth Rygh og Hogne Rygh. Dei som var heime på Ulla, deltok på sparket. Den første Ulla-festen arrangert på Ullahammaren var i 1997 med langbord og grilling. Så har det blitt ein tradisjon med Ulla-fest siste helga i juli. Einaste året Ulla-festen vart avlyst, var i 1998 på grunn av dårleg ver.

Foto: Knut Hallvard Ulla - 2000





2001 Ulla Havsportsenter

Dei gamle sjøbudene i Ullahammaren var borte, og berre Åkre-buda stod att då Kirsten Berit og Andreas Ulla fekk løyve til å restaurere og utvide Åkrebuda til eit større havsportsenter med mellom anna dykking som aktivitet. Ulla Havsportsenter har blitt ein attraktiv feriestad for folk frå inn- og utland som vil dykke, fiske eller berre nyte ferien i ro.

Foto: Knut Hallvard Ulla - 2006

Gå til toppen