ULLA



  
Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Månadens brudebilde - arkiv 2011


Månadens brudebilde - arkiv:
2009   2010   2011   2012   2013   2014   2015   2016   2017   2018    2019   2021   2022   2023   2024


Desember 2011







Inger Dahl f. Aakre (1919-2012)
og
Hagbart Dahl (1918-1982)

gifte i Haram kyrkje 18.2.1943

Inger var frå Knut-garden på Åkre. Hagbart var frå Ålesund. Inger arbeidde med vask og reinhald på Haramsøy skule. Hagbart var fabrikkarbeidar på Austnes.

Dei har fire barn:
Liv, Palma, Bjørn og Jostein.


November 2011






Dorthea A. Haram (1889-1974)
og
Olaus J. Haram (1895-1973)

gifte i Haram kyrkje 23.3.1917

Dorthea var frå Tore-garden på Haram. Olaus var frå Johannes-garden på Haram. Dei dreiv Johannes-garden.

Dei hadde fem barn:
Andreas, Johan, Judith, Aslaug og Johannes.


Oktober 2011







Petrine Hatlestad f. Aakre (1922-2018)
og
Johan Hatlestad (1922-2000)


Petrine, eller Trine som ho vert kalla, er frå Eirik-garden på Åkre. Mor hennar var Marie S. Aakre f. Ulla frå Ingeleiv-garden på Ulla. Johan og Trine dreiv gardsbruk i Sykkylven.

Dei har to barn:
Hans Jacob og Mari Agathe


September 2011




Ingebjørg Vadset f. Åkre (1914-1981)
og
Toralv Vadset (1911-1981)

gifte i Haram kyrkje 15.6.1942

Ingebjørg var frå Ullahammaren. Toralv var frå Tennfjord. Han var drosjesjåfør. Dei budde i Tennfjorden.

Ingebjørg og Toralv hadde ikkje barn.



August 2011





Astrid Valborg Helle f. Alme (1901-1965)
og
Steinar Helle (1903-1971)

gifte i Ulstein kyrkje 17.8.1932

Astrid var frå Ulsteinvik. Mor hennar heitte Gurine Alme f. Ulla og var frå Lars-garden på Ulla. Astrid var lærarinne. Steinar var frå Holmedal. Han dreiv eigen fabrikk med produksjon av bestikk, S&S Helle.

Astrid og Steinar hadde tre barn:
Odd Gisle, Svein og Bjørg.



Juli  2011





Johanne Petrine Åkre f. Ulla (1916-1994)
og
Jørgen Peder Åkre (1916-1996)

gifte i Haram kyrkje 29.8.1942

Janna var frå Mette-garden på Ulla og Jørgen frå Ullahammaren. Dei bygde seg hus på Nordstranda på Haramsøy i 1952. Jørgen var fiskar på "Odin" og "Skarvaag".

Janna og Jørgen har fire barn:
Herbjørg, Grete, Jarle og Steinar.



Juni  2011





Bjørg Tomren f. Fylling (1929)
og
Olaus Tomren (1914-1999)

gifte i Haram kyrkje 20.11.1954

Bjørg er frå Valderøy og Olaus frå Ullahammaren. Dei bygde seg hus på Nordstranda på Haramsøy. Olaus var fiskar på "Ullaholm" og "Fiskenes". Dei flytte seinare til Valderøy.

Bjørg og Olaus har to adoptivbarn:
Bjørn Ola og Linda Helen



Mai  2011





Josefine Knutsdt. Aakre (1875-1962)
og
Peder Aakre f. Gujord (1878-1930)

gifte i Haram kyrkje 3.7.1911

Josefine var frå Knut-garden på Åkre. Ho var eldst i ein barneflokk på 10. Peder var frå Gujord på Hjelset i Romsdal. Dei tok over og dreiv Knut-garden.

Josefine og Peder hadde tre barn:
Petrine gift med Sivert Hansen på Slagnes.
Gudrun gift med Bjarne Goksøyr. Dei tok over Knut-garden
Inger gift med Hagbart Dahl.




April  2011





Johanne Andreasdt. Ulla (1880-1910)
og
Gustav Sevrinson Ulla (1882-1958)

gifte i Haram kyrkje 2.9.1907

Johanne var frå Mette-garden og Gustav var odelsgut i Ingeleiv-garden på Ulla. Dei dreiv Ingeleiv-garden. Etter at  Johanne døydde, gifte Gustav seg oppatt med Oline H. Ulla f. Gjøsund i Mette-garden i 1913. Ektemannen hennar, Johan, døydde også i 1910. Johanne og Johan var søsken. Oline og Gustav dreiv så Mette-garden vidare.

Johanne og Gustav hadde eitt barn: Sevrin
Oline og Gustav hadde to barn saman:
Johanne Petrine (Janna) og Johan Bernt
Oline og Johan hadde tre barn:
Vilhelmine, Antonette og Helene





Mars  2011






Johanna Aakre f. Flem (1916-1995)
og
Petter H. Aakre (1913-2005)

gifte i Haram kyrkje 12.10.1947

Johanna var frå Børstøvå på Flem. Petter var odelsgut i Eirik-garden på Åkre. Mor til Petter var Marie S. Ulla frå Ingeleiv-garden på Ulla. Johanna og Petter dreiv Eirik-garden.

Barn: Marit og Astrid





Februar 2011






Frøydis Johanne Hove f. Ullahammer (1922)
og
Peter Birger Hove (1904-1981)

gifte i Haram kyrkje i 1945

Frøydis var fødd på Ulla og voks opp på Håneset i Hånes-kyrkja. Peter var frå Stordal. Han var sokneprest. Først i Haram, seinare flytta dei til Bergen.

Barn: Odd Sverre, Leif Magne, Per Frode, Helge og Synnøve





Januar 2011






Tomasine Dina Severinsdt. Svendsen f. Krogsæter (1878-1964)
og
Laurits Knutson Svendsen (1879-1963)

gifte i Vatne kyrkje 26.4.1909

Tomasine var frå Krogsæter i Vatne
og Laurits var frå Gamle-Svendsen i Ullahammaren.
Dei bygde seg hus, Nye Svendsen,  i Ullahammaren.
Laurits var fiskar.

Barn: Karl og Karen.





Gå til toppen