ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Undervisning


SKULETUR TIL GISKE OG VALDERØY  -  1932

    Her er nokre foto av ei stor hending frå Ulla skule. Det vart arrangert skuletur til Giske og Valderøy med vitjing i Sjonghellaren på Valderøya og Giske kyrkje på Giske. Turen gjekk med fiskebåten Haabet, med eigar og skipper Ingvald Tomren. Sjå meir om Haabet på denne lenka.  Det er rart å sjå båten fullasta med ungar og vaksne. Det er minst 35 personar om bord i Haabet, og vi ser ikkje ein einaste redningsvest. Men så var dette folk som hadde vakse opp attmed sjøen og var hadde respekt for havet.  Dette vart ei oppleving utanom det vanlege som elevar og vaksne sikkert hugsa lenge.



    Det er ikkje så lett å kjenne att personane på fotografiet, men frå høgre framme ser vi Edvin Verpeide, Ottar Åkre, Johan A. Ulla (Store-Johan), Oddmund Verpeide og Frida Ulla. Bak Frida står Margit Tomren med langt hår. Til venstre for Frida med svart hatt står Klara K. Ulla (Lars-Klara). Bak henne står Ågne Ulla. Til venstre for Ågne står Kåre Ulla. Bak Ågne står Inger Ulla med lange fletter, og bak Inger står mor mi, Helga Klara Åkre.




    Her er eit bilde frå Sjonghellaren på Valderøya. Nummer to frå høgre er Klara K. Ulla (Lars-Klara) og Frida Ulla sit på marka til venstre for henne. Bak Frida med stripa genser ser vi Johan A. Ulla (Store-Johan). Til venstre for han står Ottar Åkre.  Lenger bak til venstre ser vi Inger Ulla med lange fletter og mor mi, Helga Klara Åkre bak henne.  G. V. Ulla står bakerst til høgre innmed fjellveggen.




Her er ein del av flokken framfor Giske kyrkje. Heilt til høgre ser vi Margit Tomren.


Gå til toppen