ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Skulehuset



Foto: Knut Hallvard Ulla - 1997


FRÅ  OMGANGSSKULE  TIL  FAST  SKULE

    Alt i 1870-åra var det snakk om at det ville vere best å byggje skulehus i alle krinsane Haram sokn. Somme stader var det  nødvendig å endre krinsgrensene og så finne den beste løysinga når det gjeld kostnaden med bygga. Det var berre Åkre skule som vart bygt etter påbod ved lov. I dei andre krinsane var det lokale initiativ som låg bak oppføringa av skulebygg. Farstad krins på Lepsøy var den første som tok opp tanken om å byggje skulehus. Det var i 1876, men det førte ikkje fram den gongen.
    Farstad og Myklebust krins gjorde vedtak om bygging i 1884, og året etter, den 22. april 1885 gjorde Ulla krins vedtak om å byggje skulehus på 10x10 alner + inngang og lærarrom. Dei 8 gardbrukarane tok på seg kostnaden mot halv refusjon av amtet som vanleg var den tida. Unnatak frå dette var Åkre skule som fekk heile byggjesummen dekt av kommunen. I tillegg til skuleundervisning skulle Ulla Skulehus nyttast til oppbygging og foredrag for fiskarane i fisketida "da jo Ulla er et av de største fiskevær på Søndmøre."
    Byggjenemnda for Ulla Skulehus var: Johan R. Ulla (Kari-garden), Andreas Å. Ulla (Mette-garden) og lærar og klokkar Andreas H. Grytnæs. Rekneskapsførar var Karl H. Ulla (Lars-garden).





Johan R. Ulla
Andreas Å. Ulla
Andreas Grytnæs
Karl H. Ulla

    Ulla-bøndene var i ein heldig situasjon då dei skulle byggje skulehus. Nettopp i den tida kjøpte Staten grunnen på Kvernholmen av Ulla-bøndene i samband med at fyrstasjonen vart utvida frå fiskefyr til ein familiestasjon. For dette fekk bøndene om lag kr 20 000. Desse pengane nytta dei som sitt tilskot til skulebygget. I tillegg dreiv fiskarane på Ulla og brende tare. Pengane som dei fekk for tareoska, gav dei til skulebygget.
    Skulehuset ligg på Jo-garden sin grunn, og det vart inngått ein bygslingsavtale. Bygget stod ferdig i 1886, på same tid som skulane på Farstad og Myklebust. Det offentlege gav tilskot på halve kostnaden til skulehuset i fullferdig stand med innvendig og utvendig måling, til kateter, pultar, to bord og tre stolar, i tillegg til oppbevaringsskap og ein sengeplass for læraren, utedo og vedskur. Midt i rommet stod ein stor ovn for torv- og vedfyring. Det vart innlagt vatn i lærarrommet, og skulen fekk elektrisk kraft innlagt samtidig med resten av bygda i 1923.




    På fotografiet ovanfor til venstre ser vi utedo og vedskur rett til høgre for skulehuset. Slik stod det altså frå først av. Bildet er teke i 1917. Frå venstre ser vi Sevrin G., Helene, Antonette og Vilhelmine Ulla. Dei tre jentene var søsken, og søskenbarn til Sevrin G. Ulla. Fotografiet til høgre er utsnitt frå eit flyfoto frå 1960. Her ser vi at den nye utedoen er på nordsida av Klæberget, ein større utedo med tre dører. Dette bygget vart ikkje nytta til lager for ved eller torv. Brenselet lagra dei i ein sjå som låg i tilknyting til naustrekkja nede ved sjøen. Utedoen står ikkje lenger.    Elles står skulehuset akkurat slik det var då det vart bygt i 1886.


SITUASJONEN  I  2008


























Alle foto: Knut Hallvard Ulla - 2008


Gå til toppen