ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr

Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt



 









Ulla-nausta - restaurering - 2009

    Siste restaurering av nausta vart utført midt på 1990-talet etter orkanen i 1992. Men ver og vind tærer på bygningane, og særleg eitt av storbåtnausta, ihopenaustet til Sjur- og Ingeleiv-garden har hatt stort behov for vøling. Det var lekkasje på taket og mykje måtte skiftast ut av tro og lekter. Det andre som var viktig å få gjort, var istandsetjing av dørene på dette naustet og dei to nausta ved sida av, Mette-naustet og Mali-naustet.
    Det er gjeve midlar frå det offentlege til istandsetjing, og no i slutten av oktober 2009 var arbeidet sett i gong. Dette er svært viktig før det skjer meir skade i vinter. Arbeidet blir leia av Martin Nystad frå Norddal og blir utført av eit arbeidslag frå Midsund. Men først og fremst takk til Guttorm Ulla som er drivkrafta i både denne restaureringa og den forrige på 1990-talet. Han seier det slik: Eg trur ikkje folk flest er klar over kor store kulturhistoriske verdiar som ligg i denne naustrekkja. Då kan du berre tenkje over dette: Det naustet som blir restaurert no, vart bygt i 1650. Det vil seie for 360 år sidan. Vi må berre bøye oss i støvet med respekt for geniale byggjemåtar, solide konstruksjonar og kvalitet på material som vart brukt. Det skulle berre mangle om vår ressurssterke generasjon ikkje skulle greie å ta vare på ein slik skatt. Men det blir ikkje av seg sjølv......

Alle foto: Knut Hallvard Ulla - oktober 2009





























FULLFØRT  RESTAURERING AV  IHOPENAUSTET  SJUR/INGELEIV  2011



Endeleg ferdig nytt tak på ihopenaustet Sjur/Ingeleiv (midt i bildet med opa dør)
Foto: Knut Hallvard Ulla - september 2011





Gå til toppen