ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Nye Svendsen



Ovanfor ser vi Nye Svendsen frå sør, og nedanfor frå nord.

Foto:  Knut Hallvard Ulla  -  2006





BYGNING

   Etter kvart som Svendsen-familien vart større, vart det dårleg med plass i Gamle Svendsen. Laurits Svendsen bestemte seg derfor for å byggje nytt hus sør for Gamle Svendsen. Laurits og Thomasine hadde då alt to barn: Karl og Karen. Laurits Svendsen bygde Nye Svendsen i 1918. Tømmeret kjøpte han i Skodje-bygda. Det var Jubb-Sevrin (Sevrin K. Ullahammer) som førde tømmeret til Ulla med båten sin, "Svalen". Laurits lagra tømmeret på oppsida av Elias-buda under eit provisorisk tak. Slik låg det til våren 1918 då han starta bygginga. Fotografiet ovanfor er frå 1937, vi ser Nye Svendsen i framkant til venstre mellom Gamle Svendsen og Bertebu. Opphavleg var altså Nye Svendsen identisk med Kari-stova litt lenger nede i Ullahammaren og også Losgard. Både Nye Svendsen og Losgard vart påbygde og ombygde. Losgard i 1920-åra, og Nye Svendsen etter andre verdskrigen. Av fotografiet ser vi elles at glasføringa vart endra ved ombygginga. På bildet er det parallelle vindauge oppe i hovudetasjen med vindauga i kjellaren. Ombygginga viser ein spesiell, og kanskje noko merkeleg arkitektur. Men alltid ved slike bygningsmessige endringar var grunnen at ein ville ha meir plass. Det hadde seg slik at Karl Svendsen var blitt trulova med ei dame som heitte Fanny frå Kristiansund. Ho var aktiv i Frelsesarmeen. Planen var at ho skulle flytte til Ulla saman med Karl. Han sette derfor i gong med utbygging av Nye Svendsen for å få betre plass til familien. Men så gjekk dessverre forholdet til Fanny over styr, og det vart ikkje noko par av dei. Etter at gamlefolket døydde vart det god plass til søskena Karl og Karen Svendsen som begge var ugifte.

FOTOALBUM

Lenke til fotoalbum Nye Svendsen




SLEKTSTRE

Slektstre for Karl Svendsen (1910-1993)


SLEKTSBOK

Laurits Knutson Svendsen  (1878-1957)
Laurits var fiskar, først som mannskap på båtar frå Ulla. Men då broren Filip Svendsen kom heim etter mange år som styrmann til sjøs, fekk dei to brørne bygd seg ein båt i lag. Båten heitte "Neptun" og var 32-33 fot lang med ein 4 HK Hjelset motor i. Det var ein retteleg fin båt som vart bygd etter ein modell som Filip hadde laga. Båten låg i utfar inne på Vålen.

Gift med Thomasine Svendsen f. Krogsæter  (1879-1963) frå Krogsæter på Vatne.

Barn:
1.
Karl Svendsen  (1910-1993) Ugift. Fiskar, skomakar og frisør.
2.
Karen Svendsen  (1915-1996) Ugift.

Etter at Karl og Karen døydde, tok søstrene Astrid Aarseth og Elfrid Kleive over Nye Svendsen. Bestemor deira heitte Anna Vestvik f. Svendsen. Ho var søster til Laurits Svendsen. I 2008 tok Elfrid Kleive over Nye Svensen åleine.


Gå til toppen