Fyrvaktarar
Elisæus M. Torgersen (f.
1858)
fyrvaktar frå 8. august
1899 til 21. august 1918
Faksimile av folketeljinga for Haram herred for 1900 med
opplysningar om dei som budde på Kvernholmen, g.nr. 10 br.nr. 2 og
12.
Elisæus M. Torgersen avløyste
Ole A. Rønnestad som fyrvaktar på Ulla fyr i 1899.
Torgersen var gift med Gina og hadde ei dotter som heitte
Elisa. Familien Torgersen var frå Bergen.
Guvernanta, som heitte Olava Nilsen, var frå Karmøy.
På fotografiet til venstre ser vi fyrvaktar Torgersen saman med
kona Gina. Foto utlånt av Per Ulla. Til høgre eit
fotografi av fire personar som gjekk på navigasjonskurs hos
Torgersen på Kvernholmen. Bak til venstre: Karl Ingvald
Karlson Ulla frå Lars-garden. Framme til venstre:
Hans Petterson Ulla frå Sjur-garden. Dei to andre kjenner
eg ikkje namnet på. Dei er truleg frå fastlandet.
Torgersen var kjend som ein dyktig fagmann. Han var høgt
respektert og dreiv med kursing i navigasjon ute på fyret på
Kvernholmen i mange år. Vi veit at Ingvald Tomren frå
Ullahammaren lærte seg å navigere av Torgersen på Ulla fyr.

|

|
Fotografia over er to utsnitt av fotografiet av brudefølgjet til
Jenny og Ola Strømme frå Kari-garden på Ulla i 1909. På
bildet til venstre ser vi Gina Torgersen til høgre framme, dottera
Elisa til venstre. Bak står Gustav Sevrinson Ulla. På bildet
til høgre ser vi fyrvaktar Elisæus M. Torgersen.
Elisa Torgersen var svært musikalsk. Ho brukte å spele orgel
når det var fest på Ulla skule. Dette var på festar som vart
arrangert av ungdomslaget UL Sambandet. Såleis ser vi i
møteboka for UL Sambandet den 22. desember 1907 der det
står: "Variert program med orgelmusikk av Elisa Torgersen".
Torgersen hadde ein hund som heitte "Luks", og borna på Ulla hadde
ein viss skrekk når hunden kom saman med fyrvaktaren. Torgersen
var snill og gåvmild; det vanka ofte julegodt frå familien
Torgersen.