ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt
Ulla Skulehus



 









Ulla Skulehus - Aktuelt


10.6.2011
DUGNAD på skulehuset laurdag 18. juni 2011 kl 1100. Sjå plakat på Hammaren og heimi garda eller på denne lenka.
Vel møtt.
Det blir også årsmøte same dag kl 1300 på skulehuset.


10.5.2011
Dokumenta til årsmøtet 18. juni 2011 kl 1300 på Ulla Skulehus finn du på denne lenka.
Same helga blir det dugnad på skulehuset. Sjå etter plakat på Ulla når det nærmar seg.


11.4.2011
I dag er det 2 år sidan laget vart skipa.
Styret har bestemt at det blir årsmøte i Ulla Skulehus laurdag 18. juni 2011. Same helga blir det dugnad. Vi kjem tilbake med årsmøtedokument og nærare opplysningar om dugnaden seinare.


23.2.2011
Då er endeleg alle formalitetar i orden. Ulla Skulehus eig no bygning og grunn. Vi har nettopp fått tilsendt tinglyst skøyte frå Statens Kartverk på g.nr 10 b.nr 76 og b.nr. 77. Sjå vedlagte kart. Lenke.


22.12.2010
GLADMELDING TIL JUL.  Vi har fått kr 10 000 i tilskot til Ulla Skulehus frå Sparebanken Møre. Lenke


12.11.2010
Referat frå styremøte den 7.11.2010. Lenke


20.10.2010
Nytt fotoalbum med historiske bilde frå Ulla Skulehus. Lenke


22.8.2010
Referat frå styremøte den 19.8.2010. Lenke


3.8.2010
Masse bilde frå Klæberget sommarbutikk 2010. Lenke.
Elles så fekk vi avslag på søknad om gåvemidlar frå Sparebanken Møre ved tildelinga no i vår.


6.7.2010
Det blir sommarbutikk på skulehuset i juli/august 2010. Sjå oppslag i Haramsnytt 6. juli 2010. Lenke.
Opningstider for butikken: Fredag 30. juli 2010 kl 1500 - kl 1900.
Dei andre dagane er det ope: kl 1100 - kl 1600.


1.7.2010
Bilde frå årsmøtet 12. juni 2010. Sjå fotoalbum. Sjå elles alt frå årsmøtet. Lenke.


14.6.2010
Årsmøte vart avvikla på skulehuset laurdag 12.6.2010. Vi kjem tilbake med protokoll og fotografi seinare.
Same dag sette vi inn den restaurerte utdøra, nymåla og fin. Sjå fotoalbum.


4.5.2010
Det blir årsmøte for Ulla Skulehus laurdag 12. juni 2010 kl 1300 på skulehuset. Sjå lenke.


26.3.2010
Utdøra er ferdig restaurert. Arbeidet er utført av Lyder Hesthol ved snikkaravdelinga på Romsdalsmuseet i Molde. Vi er svært godt nøgd med arbeidet han har gjort. No står det att å måle døra i den opphavlege mørk brune fargen, einsfarga. Så skal vi setje inn ny låskasse og trykkert. Sjå fotoalbum.


3.1.2010
Restaurering av utdøra. Det har ikkje vore så lett å få tak i folk til å restaurere utdøra på skulehuset. Vi bestemte oss no for å ta ut dørblada og ta dei med til nokon som kan ta arbeidet når det høver. Til denne ad-hoc dugnaden 2. nyårsdag møtte Grethe, Åsmund, Bendik og Knut Hallvard. Vi har sett inn ei kryssfinerplate midlertidig, så døropninga er tett. No håper vi berre på å finne nokon som kan ta på seg slikt arbeid så døra kjem på plass til sommarsesongen. Vi skal også undersøkje litt om fargeval og kva som var vanleg før i tida. Sjå fotoalbum.
NY GLADMELDING.
Vi slengde inn ein søknad om midlar frå Haram Kommune før jul. Vi har no fått melding om eit tilskot på kr 5 000.
Derimot fekk vi avslag på søknaden om midlar frå Gjensidigestiftelsen.


1.12.2009
Referat frå styremøte i Ulla Skulehus 30. november 2009. Lenke


14.8.2009
Referat frå styremøte i Ulla Skulehus 5. august 2009. Lenke
Så har vi sendt inn søknad om tilskotsmidlar til Gjensidigestiftelsen. Søknadsfristen er 15. september 2009.


7.8.2009
Utbetaling av tilskot på kr 10 000 frå Sparebanken Møre. Lenke.
Referat frå styremøte i Ulla Skulehus 28. juni 2009. Lenke.


29.7.2009
Dugnad med måling av skulehuset. Sjå fotoalbum.


24.7.2009
Dugnad med vasking på Ulla Skulehus 24. juli 2009. Sjå fotoalbum.


9.7.2009
Reportasje om Ulla Skulehus og framføringa av teaterstykket Pindia i Haramsnytt 30. juni 2009. Lenke.
Masse bilde frå teaterstykket Pinda. Sjå fotoalbum.


1.7.2009
Artikkel om Ulla Skulehus i Sunnmørsposten 27. juni 2009. Lenke.


25.6.2009
GLADMELDING: Vi har fått positivt svar på søknad om midlar frå Sparebanken Møre. I dag fekk vi melding om eit tilskot på
kr 10 000.
Elles: Husk teaterstykket Pindia på Ulla Skulehus laurdag 27. juni 2009. Første forestilling kl 14 og andre forestilling kl 15.  Etterpå blir det song og musikk med lokale musikarar. Alt ligg til rette for eit vellykka arrangement.


29.5.2009
Vi får nye medlemmer kvar dag og er no komne opp i 43. Ta kontakt med slekt og vener og hjelp til å verve! Før sommaren er over, håper vi på 100 medlemmer.
Vi har sendt søknad om gåvemidlar i Sparebanken Møre med søknadsfrist 1.5.2009. Vi har ikkje fått svar enno.
Så har vi fått lovnad frå Otto Stornes på Vigra om å restaurere utdøra på skulehuset. Dette er vi svært godt fornøgd med. Han har god kompetanse på slikt arbeid og reknar med å vere ferdig i løpet av sommaren.
Namneskilt med årstal er på plass på skulehuset. Sjå fotografi.
Så køyrer vi på med kulturaktivitet på skulehuset. Laurdag 27. juni 2009 blir det teater på skulehuset. Sjå plakat på denne lenka. Vi håper på god respons.


30.4.2009
Det sig på med nye medlemmer. Vi er komne opp i 23, men det er langt att til målet om 100. Ta kontakt med slekt og vener og hjelp til å verve!
Vi søkte om midlar i Kulturminneåret, men fekk dessverre avslag. Så har vi sendt søknad om gåvemidlar i Sparebanken Møre med søknadsfrist 1.5.2009. Vi håper på positivt svar.


25.4.2009
Skilta på skulehuset er ferdige. Tusen takk til Birger Tomren som ordna det og ikkje minst til Dagfinn Nogva som har laga skilta.


25.3.2009
Skipingsmøte 11. april 2009 kl 1300 på Ulla Skulehus. Plakat


Gå til toppen