ULLA



 
Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel

Ulla Skulehus
 









Dugnad på skulehuset. Utvendig måling


Knut hadde kjøpt inn 20 l med Extrem Drygolin( Ullakvit), målarkostar og elles naudsynt utstyr. Fredag den 24. Juli hadde vi vaskedugnad. Knut, Åsmund og Grethe og Peder gjorde jobben. Åsmund og Grethe smurde inn det vi hadde skrapa med Visir måndag den 27. Juli. Den 29 juli 2009 hadde vi målardugnad på Ulla Skulehus. Hildegunn og Peder starta kl 1030, og rett etter kom Åsmund og vi sette i gong med liv og lyst. Det vart antyda at dette var ein hemmeleg dugnad, men kven har lyst å mase når folk har ferie. Åsmund ymta frampå at det har no vi også, men at dette kunne reknast som ferie.  Kor som er, alle skal vite at dei er hjerteleg velkomne til å ta eit tak når det måtte passe, for her er mykje å gjere. Tilbake til målardugnaden; etter kvart kom Pål og hjelpte til og til slutt Grethe. Klara kom med kaffi og varme wienerbrød og målinga gjekk som ein leik. Vi var ferdige kl 1600 og Ulla Skulehus ligg der kvitmåla og fint.







Gå til toppen