ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt



 









Speiderjentene på Ulla




Bak frå venstre: Tordis Ullahammer, Halldis Tomren, Frida Ulla, Judit Ullahammer
Framme frå venstre: Klara K. Ulla, Inger Ulla, Frøydis Ullahammer
Foto utlånt av Per Ulla


Til høgre ser du fotografi av Anna Rørvik, gift Beite. Anna var lærar på Ulla skule frå 1938 til 1942. Ho var frå Jo-garden i Rørvika på Vigra og var søskenbarn til far min. Ho var ein godt likt lærar på Ulla og var også aktiv i samfunnslivet utanom sjølve undervisninga, mellom anna som leiar for speiderjentene på Ulla. Det var Frida som hadde lese om speiderforeningar i Noreg. Ho syns det var så spanande. Så ho skreiv til Norsk Speiderguttforbund og fekk litteratur om aktivitetar for speidarane. Ho spurde om Anna ville ta på seg å hjelpe jentene. Det ville ho og så starta dei speiderforening på Ulla. Det var faste møte heime hos jentene.  Så fekk dei ordna seg med drakter og utstyr, og det var ikkje heilt enkelt i den tida. Kari-Emma sydde drakta til Frida, men ho hugsa ikkje om ho sydde til dei andre jentene også.
Det var ikkje noko speiderguttforening på Ulla, tvertimot gjorde dei narr av jentene og syns dette var noko stort tull. Dei sa ertande åt jentene: "Vær beredt!"



Av aktivitetar elles fortel Frida at jentene var på speiderleir ein gong, det var på Sjøholt. Dei reiste med båt til Ålesund og truleg vidare med buss til Sjøholt. Dei låg i telt om natta. Så var speiderforeninga også på ein tur til Ålesund og gjekk i tog, og då hadde dei ikkje fått uniform, men hadde vanlege klede. Då vart Ulla-jentene mobba av speidergutane i Ålesund, og kalla dei "bondespeiderne". Det syns jentene var så ekkelt. Speiderjenteforeninga på Ulla var aktiv i nokre år til jentene var ferdige med skulegong på Ulla.


Gå til toppen