ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt



 









I.F.-gutane




Leif Ulla
Alf Ulla




Petter I. Tomren

I tillegg til desse tre karane, var Einar Verpeide med i klubben. Eg håper å få inn fotografi av Einar seinare.

I.F.-gutta var ein nasjonal organisasjon med sentrum i Oslo. Den hadde medlemmer i heile landet. Klubben hadde dette mottoet:

"Ivrig, freidig, sterk som stål, det er I.F.-guttas mål".

    Klubben hadde fast spalte i vekebladet Illustrert Familieblad. Der kunne ein lese nytt frå organisasjonen og halde seg oppdatert om det som skjedde. Dei fire medlemmane på Ulla var aktive i nokre år frå 12-års alderen til dei vart konfirmerte. Det var ein slags friidrettsaktivitet med ulike øvingar som løping, høgdehopp, lengdehopp mm. Dei dreiv systematisk trening, med mellom anna kondisjonstrening som løping etter vegane på Ulla. Det blir også fortalt at dei hadde treningsleir ute i Vikane (Råvika). Der sette dei opp telt av gammal seglduk, og overnatta der. Om treningsutbytet vart spesielt stort av det, veit vi ikkje, men det styrka miljøet og samhaldet i gruppa.
    Det var spreke ungdommar, og dels fekk dei kallenamn i samsvar med det. Petter I. Tomren vart kalla "Ræs" fordi han var så flink til å springe fort. Ja, han blir ofte kalla "Ræs" den dag i dag. Målet med treninga var å ta merkeprøver der dei gjennomførte konkurransar og skreiv opp resultata. Det var dei vaksne som heldt kontrollen med at alt gjekk rett føre seg og sende inn resultata til organisasjonen i Oslo. Når resultata vart godkjende, fekk gutane tilsendt merker i posten i samsvar med innsatsen. Det var små merker forma som eit skjold. Dette var ei oppmuntring og eit mål å strekkje seg etter.
    Som vi forstår, fekk ikkje I.F.-gutane noko stor oppslutning på Ulla. Dertil var fotball for dominerande og populært som idrett. Men det er verd å minnast som eit lite artig innslag i kulturlivet på Ulla den tida.


Gå til toppen