ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt




 









M-48-H  "ULLAHOLM"



Foto: Knut Hallvard Ulla - 1976

Byggjeår
Byggjeplass
Lengde
Motor
1935
Marstrand,  Sverige
67,6 fot
Bolinder 110 hk

Eigar av "Ullaholm" var Petter (1897-1968), Johan (1911-1980), Arne (1923) og Magnus Tomren (1928).

Båten, som var bygd i eik, vart levert i 1935 frå Ringens Båtvarv i Marstrand som ”Gipsy Love” til The Marstrand Fishing Co Ltd i Grimsby. Truleg åtte motorleverandøren – Bolinder-Munktell AB i Eskilstuna ein del eller heile lutlaget. I alle fall selde Bolinder Co Ltd i London i eit kjøpsbrev datert 24. oktober 1938 båten til Felix Mally, Eskilstuna, som truleg var ein tenestemann i lutlaget. Han selde den vidare den 5. november 1938 til eit partsrederi Rickard Eliasson på Øckerø i Gøteborgs nordre skjergard for 35 000 kroner.

I Sveriges Skeppslista 1939 og 1941 står det om båten: Svensk reg. nr. 8309; ingen signal. 64.40 brt 34.06 nrt Dim: 20.84 x5.75 x 2.61 m. Den opphavlege motoren var ein 100 hk Bolinder tennkulemotor, 1 cylinder, 2 takt, som i 1939 vart skifta ut med ein 150 hk Bolinder 2 cylinder, 2 takt. Fiskenr. GG 63.

Den 5. august 1941 vart båten seld til Nordmeer Studien- & Reederei Gesellschaft i Leipzig og omdøypt til ”Zenit”.  Overført i 1945 til kontoret for fiendtleg eigedom i Oslo og i 1948 overteken av Sjødirektoratets avviklingskontor.  Seld i 1949 til Johan og Georg Hansen i Åkrehamn og omdøypt til ”Spannholm”.  Seld i desember 1950 til Tomren-karane og avløyste den forrige ”Ullaholm”.  I 1960 var eigartilhøvet:  Petter Tomren (4/5) og Hans Tomren (1/5).  I 1969 eigde Magnus og Hans Tomren ”Ullaholm” i lag.  Installert ny Caterpillar maskin med 425 HK i 1972.  ”Ullaholm” vart kondemnert i 1989, og overteken av Dykkerklubben i Ulsteinvik.  I 2002 kjøpte Ullaholm båtklubb båten og restaurerte den etter brannen same året.  Båten eksisterer framleis.

Sjå eiga nettside om Ullaholm båtklubb på denne lenka.

Mannskap:
Petter A. Tomren, Arne Tomren, Johan Tomren, Olaus Tomren, Julius Tomren, Magnus Tomren, Hans Tomren, Nils Austnes.

F
iskeri:


FOTOALBUM

Under jazzfestivalen i Molde i juli 2006 tok eg ein del fotografi då "Ullaholm" låg til kai der.  Fotoserien kan du sjå på denne lenka.


 FLEIRE FOTOGRAFI







Gå til toppen