ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt



 









M-38-H  "ULABRAND"



Foto:  Anders Beer Wilse


Byggjeår
Byggjeplass
Lengde
Motor
1910
Romsdal
40,5 fot
Finnøy 10 hk

"Ulabrand" var nybygg for Gustav Sevrinson Ulla (1882-1958) frå Ingeleiv-garden/Mette-garden på Ulla og Hans Petterson Aakre (1883-1944) frå Eirik-garden på Åkre.  Eirik-Hans var gift med Marie, søster til Gustav.  "Ulabrand" låg i utfar inne ved Vålen.  Hans gjekk til fots over Åkre-skaret og til Ulla når dei skulle på sjøen.

I Ingeleiv-garden hadde Sevrin Guttormson Ulla (1857-1935) og sønene Gustav (1882-1958) og Bernt (1885-1909) tidlegare ein åttring som heitte ”Ivar Aasen”.  Den vart oppripa med dekk, og var den første båten på Ulla med motor.  Motor vart sett inn i 1904.  Då Bernt døydde av tuberkulose i 1909, selde dei ”Ivar Aasen”, og Gustav kjøpte ny båt ”Ulabrand” saman med Eirik-Hans.

Gustav og Hans dreiv sjøen med ”Ulabrand” saman til 1918.  Båten vart då seld til Peder Olson Austnes, ”Ola-Peder”. Eirik-Petter, Petter H. Aakre var med far sin til Ola-Peder då båten vart seld. Der fekk dei servert saft til "kjøpeskål".   Maskina  vart ombygd i 1922 til 22/25 HK.  Dessutan vart ”Ulabrand” ombygd i 1930 til 41 fot.  I 1936 vart det innsett ein 35 HK Finnøy-motor. 

”Ulabrand” var med i Englands-farten under andre verdskrig.  Den reiste ut Ulla-sundet den 16. mars 1941.  Desse var med: Sevrin Larsen, Trygve Remme, Erling Sverre Longva, Per Kåre Austnes, Alf Arnold Aarseth, Leidulv Refsnes og Martin Gundersen.

Sjå denne lenka. Sitat: "Eigd av Peder Austnes. Forlet Haramsøy 16. mars 1941 med 7 mann (som hadde stole båten), og kom til Baltasund 19. mars - seinare reiste til Lerwick. På turen fekk dei problem med motoren, og då dei prøvde å starte opp igjen, tok det fyr. I siste liten greidde dei å sleppe anker, og brannen vart sløkt men ikkje utan ein del skade. Dei vart taua inn til Lerwick av ein trålar."

"Ulabrand" forliste utanfor Unst, ei øy ved Shetland. Mannskapet vart teke hand om av ekteparet Morewood der borte. Trygve Remme vart seinare med som mannskap på destroyeren "Stord" frå 1943.

Sletta i 1945 som krigsforlis.


Mannskap:
Gustav S. Ulla, Hans P. Aakre.



FLEIRE FOTOGRAFI







Gustav S. Ulla (1882-1958) Hans P. Aakre (1883-1944) Peder O. Austnes (1883-1940)



Gå til toppen