ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Ullahammaren - kort historie


    Frå slutten av 1700-talet og utover til 1880-90 var Ullahammaren ein kjend handelsstad og samlingsplass for fiskarane frå øyane og fjordane på Sunnmøre og i Romsdal. Det var naturleg at eit lite sentrum voks fram her, først og fremst fordi det var så kort veg ut til fiskefelta. Men også hamnetilhøva var etter måten bra, sjølv om det var for grunt til å leggje til med større båtar ved dei store sjøbuene langs strandkanten. I si glansperiode var det stor aktivitet i Ullahammaren. Der var mykje handel med fisk, tranbrenneri, butikkar, brennevinsutsal, skomakar, bakeri, smie og losstasjon. 

    Losane hadde sitt virke på Ulla frå om lag 1770 til 1939 då den siste losen slutta. Losane vakta vel på om det låg skip i havet og venta på los. Det var ofte konkurranse med Vigra-losane og Flems-losane om å få losoppdrag. Derfor hadde losane på Ulla sine faste utkiksplassar der dei speida etter skip. Losane hadde mange strie tørnar med å lose skutene trygt fram, ofte i dårleg ver, over lange strekningar både sørover leia og nordover heilt til Trondheim.

    Den gamle los-sjøbua som var ein del av handelsstaden sitt midtpunkt, er no restaurert og har fått to rorbuhusvære med høg standard. Den gamle delen av sjøbua ligg mellom dei to husværa. Den gamle delen med vindehuset og gamle godt bevarte reiskapar blir nytta som fellesareal med historisk atmosfære. Denne sjøbua har no fått namnet Ulla Havsportssenter og er ei perle for dei som ynskjer å søkje ro og fred i kombinasjon med havfiske, sportsdykking, fri dykking, fiske, hummar- og krabbe-fangst, turgåing i fjell og fjøre eller sykkelturar på Haramsøy og Flemsøy.